Etter cirka 2 månaders pause (merk: den tida eg var i Ecuador og ikkje alltid hadde høve til å skriva) har Lufthus vore nede for teljing. Men no vil eg berre konstatera at Lufthus kjem til å vera oppegåande i sommar sjølv om det ikkje er andre enn meg som skriv.
For informasjonens skuld kan eg oppdatera at eg kom vel heim frå Skien i går kveld i pappas vakre Golf. Heime venta mamma med varme rundstykke. Då var 5 timars bilkøyring verd det.
laurdag, juni 03, 2006
Men Lufthus var ikkje død.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
19:34
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Til Hallvard:
Eg er interessert i ei detaljert skildring om korleis det kjennest å gå frå eit hektisk jetset-liv til eit Lofthus-liv.
Viss ein vil setja det på spissen kan ein seia at ein DTS er ein av dei mest hektiske formane for menneskeleg livsførsel verda kjenner til. I alle fall ut frå det eg er vorten fortalt. Og som dei bevinga medlemmene av ein blogg med det ironiske namnet Lufthus veit, kan livet på Lofthus (i alle fall stundom) kvalifisera til å vera det motsette.
Så eg ser fram til ei skriftleg utforsking av ein slik overgang, viss du har tid, og det burde du vel ha?
I fjor hadde du ei imponerande liste over ting du skulle gjera den sommaren, og viss eg hugsar rett, aukte denne lista, og den slaviske etterfylgjinga av lista til drastisk auka livskvalitet. Har du ei liknande i sommar? Eg har jo fått med meg at du og OA skal på sykkeltur.
P.S. Lita oppklaring på min reaksjon på "me snakkast vel ein gong seinare i sommar". Eg gjekk kanskje med eit lite håp om at no som ditt travle liv i alle fall var litt mindre travelt, trengte det ikkje passera månader mellom kvar gong me snakktest. Men blogging er jo òg ein form for kommunikasjon.
neida. lufthus e kje død. men den trenge sine medlemmar fø å fungera, og kommuneikasjonen mellom desse. den kan ikkje leva på mine lette øvefladiske livsbetraktingar og kommentarar, og ikkje på øyla sine djuptpløyande literære funderingar, og så bortetter. men sammen skapar me ein genial blogg!! så ein pause på to månadar e kje så dumt.
Legg inn en kommentar