laurdag, juni 10, 2006

Det er den draumen...

Det er den draumen me ber på
at noko vidunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ein morgonstund
skal glida innpå ein våg
me ikkje har visst um.

5 kommentarer:

Hallvard sa...

Vakkert, syste.

Hallvard sa...

Og eg likte biletet! Er det den tredje personen i treeininga som står bak?

Monika sa...

konne vå konne vå.
men detta ha faktisk eg teke.
med mitt eige eldgamle kamera.
på lofthus i november i fjor, ein gong me va heima "adle sa" :)

Øystein sa...

Prisverdig initativ å la Olav H. Hauge få koma til orde! Sjølv om han stiller oss andre i skuggen.

Monika sa...

jau takk. eg syns d var på sin plass. fekk sånn inspirasjon og drøymehumør her ein kveld, og så kom eg på den overskrifta her. og så måtte eg googla da, fø eg hadde glømt kem så hadde skrive da....og så va da så fint, at eg tenkte eg måtte dela da med deko.