onsdag, juni 07, 2006

Intervju med Øystein Lid

Dette intervjuet er frå sommaren 2003. Rart å lesa det no!

Jeg sitter med eksilhardingen Øystein Lid og snakker om gamle dager. Øystein har tatt fram noen falmede fotografi, og en tur ned mimreveien synes uunngåelig.
- Dette er Marit og Petter. Mamma og Pappa. Når eg vart født var dei akkurat runda tretti, altså mindre enn ti år eldre enn det eg er i dag. Og no er eg sjølv gift…
- Sirkelen er sluttet?
- Ja, noko slikt. Pappa var altså født få år etter krigen, som nest eldste son av Niri og Margit Lid. Den familien har forresten akkurat same fordeling på jenter og gutar og i kva rekkjefylgje dei kom, som min eigen familie har. Med ein gut som er eldst, så ei jente, og to gutar deretter. Og eg er på same stad i familien min som min far var i sin; barn nummer tre, midt i søskenflokken. Hvis du spør syster mi, Monika, så vil ho nok fortelje deg litt av kvart om syskenpsykologien i ei slik samansetjing. Ho studerer til å bli sosionom, og er litt opptatt av syskenpsykologi og sosiale relasjonar ellers, naturleg nok.
- Hvilken type familie var det faren din kom fra, da?
- Tja, kva type… Eg kan berre fortelje om mitt inntrykk av familien, då sjølvsagt. Ja, det var i alle fall ein hardtarbeidande familie. Niri var bonde, med eigen gard, utanfor Kongsberg. Og Margit var sjukepleiar og husmor. Det var også en djupt religiøs familie. Niri hadde omvendt seg til den kristne trua etter å ha lese ei bok av Hans Nilsen Hauge, den store norske vekkjingsmannen. Før det hadde Niri vore ein habil sportsmann, med fleire pokalar og medaljer frå skihopp. Etter omvendinga, selde han alle medaljane og la skia på hylla.
- Hvorfor det?
- Nja, han meinte kanskje at sport og den kulturen som fulgte med ikkje var foreineleg med dette nye livssynet han no hadde fått. Niri vart forkynner. Og kvar kveld tok han barna inn til seg, ein etter ein, for å snakka med dei om Jesus, og sikkert om andre ting óg.
- Og dette tok faren din med seg når han stiftet familie?
- Jadå. Heimefrå er eg van med andaktar, songstunder og møter. Og mor mi har og vore kristen heile livet, så eg har fått den arven frå båe kantar.
- Og din mor har bodd på Lofthus hele livet?
- Nja, ho studerte vel i ganske mange år andre stadar. I alle fall på Voss, i Stavanger og Bergen. I bergen studerte ho til å verta lærar, og det var på lærarakademiet at ho traff far min. Dei gifte seg, og fekk lærarjobbar ikkje langt frå Lofthus. Og tomt fekk dei av Mamma sine foreldre.
- Dine foreldre fikk hele tomta av dine besteforeldre? Det var en grei medgift? Kommer din mor fra en rik familie da, eller?
- Nei, eg kan vel ikkje akkurat sei det. Beste, som me kallar han, morfaren min, starta for seg sjølv ganske tidleg, og dreiv sin eigen snikkarverkstad. Han laut ta opp lån, til ein del ting i samband med dette, og lånet vart han ikkje fri før han runda seksti, viss eg ikkje misminnest. Og Marit sin bror Hall, hadde berre ei bukse, som Besta laut vaske kvar natt, så ho skulle vera klar til neste dag. Så nokon rikmannsfamilie var det ikkje. Tomta, Kjekatun, der eg vaks opp, hadde Beste arva. På biletet over ser me eit utsnitt av Kjekatun. Huset var brunt før, og no er det vorte grått. ”Det er Kjekatun i Brunt, Beige og Grått!” Men eg skulle hatt eit bilete av huset og naturen rundt, slik det var då eg var liten.
- Var det stor forskjell?
- Enormt stor. Det var ein stor skog som omgav huset, der me på biletet no ser flat mark. Og store kampesteinar der det var fantastisk kjekt å klatra. Og holer, og bakkar, og eit gamalt røykhus, og nokre gamle frukttre med sure epler på. Eit paradis for ein liten gutt.
- Noen spesielle episoder du kan huske fra denne perioden?
- Tja. Hehe. Eg hugsar ein gong. Besta pleide ofte å passe oss ungane. Ho hadde mellom anna lært oss at viss me tråkka på sniglane, så ville det regne neste dag. Men me kan ikkje heilt ha trudd på dette, syskenbarnet mitt, Christian, og eg, for ein morgon så gjekk me ut i skogen, lagde bål og tok til å grilla sniglar. Kanskje me trudde det ikkje gjaldt viss me grilla sniglane.
- Hva sa Besta da?
- Nei, me hadde no ikkje tenkt på at Besta skulle koma inn i skogen. Men ho hadde vel sett røyken, tenkjer eg. Ho var sikkert ikkje heilt blid, så eg og Christian rømte så fort me kunne, opp på Legena, der han budde. Me hadde ein storslått plan. Me skulle leve av istappar og aldri meir kome attende.
- Et ekte rømningsforsøk?
- Ja, det var no meir enn eit forsøk. Men me kom vel heim etter ganske få timar, så me var vel dei einaste som kjente til denne planen, vil eg tru.

4 kommentarer:

Monika sa...

hehe. så koselig å lesa!
eg visste faktisk ikkje da om farfar og skikarriæren.

menne ka e da så e tingen m detta intervjuet? ha du mekka da sjøl?

Øystein sa...

Ja, tanken var at Torgeir Hammerlund intervjua meg. Han var min fiktive forfattar som eg skreiv eit intervju med som kom på trykk i Prosopopeia. Som takk gjorde han det intervjuet med meg. Da va vel meininge at intervjuet skulle leggast ut på ei tenkt heimeside, men den tok aldri av.

Hallvard sa...

Stemmer, det der... Syns å hugsa eg har lese dette intervjuet med bilete til i heimeside-preg òg?
Anyways, eg er lei for tregskap med å oppdatera den felles bloggen vår. I dag er det sundag og eg har god tid=)

Monika sa...

sånn va da ja. gode gamle hammerlund :)