Ein konsekvens av å ha gått på ein fleirkulturell skule og av det 2 månader lange utanlandsopphaldet mitt er at eg har eit meir kritisk blikk til det som eigentleg kjenneteiknar Noreg. Som eg går ut ifrå at tilfellet er på dei fleste bibelskular, har jo den norske jantelova vorte nemnt fleire gonger i løpet av året. På slutten av året som ei førebuing til outreach, nemnte me òg "kulturelt hovmod," den undermedvitne haldninga om at me nordmenn faktisk er BEST, og oppføra seg og ha humor deretter, på kostnad av utlendingane på basen. Kven har vel ikkje ein gong skråla ut "Ja, Helga" på Hitler-aktig kvasitysk, utan at dette er noko tyskarar kjenner seg att i i det heile? Eller spottande konstatert at "dette er så typisk amerikansk" når ein ser på film utan ein gong å ha vore i USA?
Kanskje er eg vel krass. Men etter å ha vore innom litt ulike kulturar, er det lett å sjå ting eg før tok for gitt. Eit godt eksempel trur eg den norske draumen om det gamaldagse.
På Handelslaget har me fleire varer som spelar på det. "Noras hjemmelagede," med raudrutete lok. Halvfine brød med design ifrå Bergen på 1800-talet. Synnøve-gulost med ei bunadkledd, lyshåra budeie på framsida. Sirupen er laga etter "god, gamal oppskrift." Det er dette som tiltalar folk; meg òg. Noreg er kanskje ikkje det einaste landet der det er slik, men det er svært tydeleg når ein tek til å leggja merke til det. Nynorsk. Distriktspolitikk. Stavkyrkjer og stadig fleire kulturminne.
Vil me eigentleg ha meir teknologi i samfunnet vårt?
Ecuador er eit heilt anna type land. Der er det opp og fram. Bli rikast mogleg så me kan menga oss med eliten i verda. Der ser du ikkje mange museum. Men jammen kan dei briefa med teknologien dei har, sjølv om dei er blant dei fattigaste landa i Sør-Amerika! =)
Medan her i Noreg ser me på Bonderomantikk. For ikkje å gløyma "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu." Me er koselege, me nordmenn. Kanskje er det mørkret og kulda som gjer det? Det er så utriveleg her utan Gud at me treng noko gamalt og handfast å klamra oss til?
Kom gjerne med innspel! Eg går og et rjommagraut så lenge. God jonsok!
fredag, juni 23, 2006
Typisk norsk.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
20:43
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Eg er einig her. Eg ser begge sider.
Det er to ting som er merkelige sammentreff, og det er at eg lånte ei bok som heiter typisk norsk i dag, pluss at me akkurat har sett ein film som setter skandinaviskheten i sitt rette ljos, det grelle. Filmen heiter Zozo, og er eit mogeleg gåvetips til pappa Lid. Eg kommenterte til Ingvild etter å ha sett filmen at ein ting ein bør innsjå er at den norske kulturen er tilfeldig. Kva meiner du, spurte ho, og eg sa at det fins ingenting sjølvsagt med den norske kulturen. Det er ikkje gitt at måtane me gjer ting på er betre enn måtane dei gjer ting på andre stader. Det er rett og slett berre annleis. No er det nok slik at mykje er betre i Noreg òg, me er trass alt det beste landet i verda i følge enkelte statistikkar, men det er ei anna sak. Poenget mitt no er at det norske er det me er vant til. Utan at eg dermed har sagt noko originalt.
Vidare, eg ser både ulemper og fordelar med den equadorianske (Eq) haldninga og den norske (N). Equadorianarane står i fare for å ofra kven dei er, kor dei kjem frå, og kva som særleg kjenneteikner dei, på alteret åt den vestlege kapitalismen, eller mammon, som han også kan kallast. Fordelane må vel vera høgare utdanningsnivå, større mogelegheiter, og på sikt; konkurransedyktig økonomi? Fordelane med den norske veremåten er at ein prøver å ivareta sin eigenart og kultur. Det måtte vore kjedeleg om alt folk på jorda vart til ei stor grå masse, der ingen hadde særpreg og alle var A4. Ulempene må vera, viss ein ser dei som ulemper, då, ein ser bakover i staden for framover. Der det på Utne står eit museum, kunne det vore ei konkurransedyktig og nyskapande bedrift som skapte arbeidsplassar til distriktet feks.
At nordmenn lengtar tilbake til gamle tider, trur eg ikkje berre heng saman med ei fordekt gudslengt, sjølv om det òg kan vera ein del av det. Me hadde jo fram til godt ut på 1900-talet langt på veg ein kristen einskapskultur her til lands, og den er ikkje gløymt. Lite veg tyngre enn den for å forstå det norske samfunnet.
I motsetning til equadorianarane har me oppnådd målet for den kapitalistiske dansen rundt gullkalven. Men kva fann me i enden av regnbogen? Inga gullkiste, berre ei tom kiste. Tomheit. Jag etter vind. Og når me skjønte det, skjønte me samstundes kva me hadde ofra på vegen. Tid til kvarandre, nestekjærleik, stabilitet, naboskap, norsk einskapskultur var bytta ut med tidsklemme, egosentrisme, flyktighet, isolasjon og amerikansk kultur. I den retningen gjekk det i alle fall, og går det vel framleis i, og dei tinga du nevnte, som Nora-syltetøy, Der ingen skulle tru, osv. er uttrykk for lengta tilbake til ei anna tid, ei enklare tid. Men få er villige til å gjera det som trengs for å finna tilbake til det ein i løpet av 1900-talet gjorde vrak på. Enkelte har gjort det, og gjer det, tek heile familien og flyttar til ein avfolka plass, lever av og i naturen. Det mest kjente eksempelet må vera Erik Dammann og hans Fremtiden i Våre Hender-prosjekt, som fekk store deler av det norske folk til å tenkja økosofi på 70 (?)-talet. I dag er det ikkje mange som tenkjer som Dammann, og dei som gjer det, havnar på nevnte "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".
Andre moment som ikkje uten vidare lar seg plassera i det eg alt har skrive:
Det er nok ikkje typisk norsk å ha fordommar og stereotypiar av andre folkeslag, av typen "ja, helga". Eg trur altså ikkje det er eit særnorsk problem, men eit verdsomspennande problem. Eg intervjua ein kyrkjemann i fjor som hadde reist mykje i Niger og nabolandet Etiopia. Han kunne fortelja meg at etioparane såg ned på Nigerianarane, og rekna seg sjølv som overlegne. Men me i Norge ville nok hatt problem med å skilja ein nigerianar og etiopar frå einannan, mistenkjer eg.
Ein anna ting eg kjem på, er debatten mellom dei greske filosofane og sofistane. Den hugsar de sikkert. Sofistane hadde reist mykje, ikkje heilt ulikt vår onkel reisende bror, og kome heim med eit nytt syn på mangt og mykje. Dei formulerte tesen om at alt er relativt, "panta rei", alt flyter. Ein kan lett havne i relativisme-fella når ein ser kor ulike ting er frå kultur til kultur. Alt er like bra. Men eg ser det slik: Dei FLESTE kulturelle skilnader mellom folkeslag er uvesentlege. Om ein et med pinnar, gaffel, fingrane osv --- alt er like greit. Men andre ting, som ikkje er like frekvente, er desto viktigare, feks. at kinserarar helst vil ha gutebabyar, er underlegent vår kulturelle norm som i større grad likestiller kjønna. Eller det kanadiske velferdssystemet er betre enn det amerikanske. Som fetter Niri sa i dokumentaren: det må være lov å si at visse ting fungerer bedre i Norge enn i Mongolia.
Du skriv mykje fornuftig! Dessutan, at du har posta dette klokka halv to om natta, fortel meg at du fortsatt sjekkar Lufthus nokså regelmessig. Hehe.
Kulturelt hovmod er nok ikkje akkurat særnorsk, nei, eg er einig. På basen vår har nok dét vorte ekstra tydeleg, sidan fleirtalet var nordmenn, og me HAR unekteleg ein humor som berre nordmenn forstår, veldig ofte. T.d.: i løpet av ein kveldsmat, sat me 5 nordmenn og ei tysk jente ved bordet og samtalte om teite tyske songar og fraser ein hadde lært i tysktimane. Nordmennenene tykte det var kjempefestleg, medan den tyske jenta nok godt kunne ha tenkt "Eg er omgjeven av idiotar" i sitt stille sinn. Hehe. Men hadde fleirtalet vore etioparar på basen, hadde nok utfallet vorte det same.
Men eg trur no enno litt på gudslengt-teorien min eg. Fordi:
sjølv om landet har hatt ei kristen arv langt uti 1900-talet, er det ikkje det personlege forholdet med Gud folk hugsar. Dei hugsar kulturen som kom ut av det, den koselege folketrua, det enkle livet då ein gjekk i kyrkja kvar sundag. Dei forbindar Gud med eit enkelt liv som ikkje lenger passar inn i dagens samfunn. Men kanskje var det Gud som gjorde livet den gongen godt, og er i stand til å gjera dagens moderne liv like godt!
(Forresten, ikkje ver redd for å gå imot Guds-argumenta mine i frykt for å verta "den syndige" og eg "den heilage." Rom. 3. 23 seier noko anna;))
Forøvrig, Ecuador skrivest faktisk med c. Ekvator skrivest på engelsk med q.
som seg "hør og bør" har storasyste ein mellomting-tankegang:)....eg meine: må da ve enten elle? eg trur da kan ve fleire sider i denne saka.
bibelen lære oss at alle menneske ha eit rom i seg som e meint fø jesus, og berre han. ein får fyrst skikkelig fred som overgår all forstand i hjarta når ein blir kjent m han...
men at folk lengte itte gamledagar kan kanskje ve fø da dei føle tide springe frå dei, at dei saknar tryggleiken i "det vante", saknar ei tid med mindre stress, der ein hadde tid til kvarandre, med mindre livsstilssjukdomar, og ferre krav...
at fattige land lengtar etter vestleg kultur, har nok mykje å gjera med at dei berre ser framsida på medaljen, ikkje baksida. dei les statistikkane som seier at feks noreg er eit av dei beste landa å bu i, men ikkje ser alle psykiske problema me slit med, magesår, hjartesjukdomar, osv...
og i trua på at vestleg kultur er det beste oppnåelege, legg dei fint lokk på alle planar om museumsutbygging, og kvitmaler alle maleria i kyrkjene...
eigentleg handlar kanskje alt saman om ein lengsel til det som ein ikkje har. menneska lengta visst alltid etter det....lengtar etter å bli gift viss ein er ugift, lengtar etter å kjøpa seg hus viss ein leiger, lengtar etter ein god lang ferie viss ein er i jobb, lengtar etter å få seg jobb viss ein er student, lengtar etter å verta besteforeldre viss borna er komen i den alderen(...)
paulus seier at han har lært å vera nøgd med det han har....det trur eg er den største kunsten å læra seg.
Fornuftig, det du skriv, særlig på slutten. Men i begynnelsen framstiller du det slik som at eg står for eit enten, i motsetning til eit eller. Som min fyrste setning sa, eg ser begge sidene her. Når det er sagt er det du elles skriv eit ypperleg tillegg til det som allerede er kome fram i denne debatten.
stemmer....klarte ikkje å ha alle momenta i samtalen i hovudet samtidig...
supplerande kommentar var betre.
Legg inn en kommentar