Store hendingar lèt seg ikkje så lett setjast ord på. Men no skal eg gjera eit forsøk på å skildra mi heimkome. Viss eg skulle skriva springande får de freista å lesa mellom spranga!=)
Som Øystein ganske riktig har kommentert, har året vore travelt. Og mangfaldig. Sjølv utanom alle reisene og teamturane, har det vore travelt. Ein vanleg undervisningsdag bestod av ein times stilletid, undervisning med lunsjpause fram til to, kanskje praktisk arbeid frå to til middag. Også hadde ein fri etter middag, som ofte vart brukt til å skriva journal, bokrapport osb.
Men framfor alt har året vore GODT. Gud har vore med oss over alt, og eg har lært korleis eit spanande kvardagsliv med Gud kan vera. Ikkje minst har to månaders outreach sagt sitt om dette. Å leva i lag med eit team som ein ikkje kjende så godt frå før i to månader med nye hendingar med Gud kvar dag, gjer noko med ein.
Og så var året slutt. Me hadde avslutningsfest i matsalen på basen. Så valdsamt tårevått var det ikkje, for ein kjende ikkje like godt til alle studentane. Særleg ikkje var det slik med meg, fordi det har lege i meg sidan barneskulen at "du prioriterer skule framfor vener," så eg var alltid sosial etter eg hadde gjort ferdig skriftlege oppgåver, og ikkje i prosessen. Dessutan var eg og Ekki dei einaste som budde på tomannsrom gjennom heile året. Dei beste venene ifrå basen har eg fått i teamet, og Ekki er nok den næraste av dei.
Så gjekk turen tilbake til bygda. Det fyrste inntrykket eg møtte, men som eg heldigvis var budd på, var at folk såg på meg som den same, sjølv om eg ikkje var det. Kanskje især mamma og pappa. På basen vert uttrykket kultursjokk definert som store kjenslemessige endringar på grunn av kulturelle skilnader, og eg fekk nok eit mindre slikt i løpet av dei fyrste dagane her heime.
Foreldra hadde vore på tur til Hovden og sa dei skulle vera heime til 12-tida, så eg tenkte eg ville overraska dei med ferdig føremiddagsmat inne. Sola skein ute, og mamma hadde definitivt teke maten ut dersom det ikkje hadde vore for at eg alt hadde dekt på og gjort alt klart.
Me hadde sete og ete i ein 15 minutt då Sjur og Maren Cecilie brått kom på overraskande besøk. Mamma hadde ete 2 skiver, men reiste seg og sa at "då går me ut, då!" og gjekk. Pappa åt opp skiva si ved bordet, men gjekk ut, han òg. Eg forstod berre ikkje vitsen med å springa ut i sola med ein gong ho var framme, spesielt etter å ha kome heim frå ein bratt, slitsam fjelltur. Me kunne då invitera Sjur og MC inn til føremiddagsmat, dei òg! (Eg hadde alt fått 2 månader med sol.) Men foreldra forlét regelrett bordet og eg sat att fordi eg ville eta ferdig. Så gjekk eg òg ut, og det vart ein times tid med lytting til den vaksne samtalen om dei gifteklare borna, Hardanger Musikkfest og utanrikspolitikk.
Heldigvis har dette gått over. Skilnaden over korleis eg taklar problem no, er at eg går til Gud med dei, og han gjev meg styrke. Dette, pluss alle førebuingane eg må gjera til hausten er eg glad for, elles er eg ikkje sikker på om eg kunne sett endringa i meg sjølv like klårt.
Men det er stille i bygda. Denne helga har foreldra vore på tur til Stord, og eg har stelt heime. Eg jobbar på Handelslaget kvar dag, og fører lette samtalar medan eg freistar å handtera kasseapparatet. Så kjem eg heim til eit tomt hus. Men eg og Olav har eit godt forhold, som me har hatt sidan uminnelege tider. Høgdepunkta for dagane er sykkelturar/filmsjåing/kveldsdiskusjonar med Olav blanda med planlegging for sykkelturen me tek til Larvik i sommar.
Det stemmer at eg hadde ei fæla liste over moglege aktivitetar i fjor sommar. Men i løpet av den sommaren kom eg så langt vekk frå Gud som eg aldri før har vore, fordi fritida var så lang, utan fellesskap med kristne. Denne gongen er målet mitt at prioriteringa vert motsett:
1. Gud. 2. Kjekke aktivitetar.
Då vert livskvaliteten best, ikkje ifrå kjekke aktivitetar åleine! Og for all del, sjølv om innlegget høyrest noko pessimistisk ut - eg har det bra. Både i livet med Gud og i det sosiale.
Takk for merksemda=)
søndag, juni 11, 2006
Framleis vert det skrive bøker om andre verdskrigen.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
19:13
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
men da dar va no ikkje moko pessimistisk innlegg, hallvard! da vil eg ikkje sei. spennande å lesa dts-lofthus-refleksjonar. da e spesielt å ve ein som ha opplevd masse, og som kanskje føler at alt e annleis, for så å koma heim til alt det vante, der ingenting ha endra seg likavel...og te ein viss grad prøva å passa inn i den gamle ramma, og fundera i kor masse energi ein skal legga i akkurat den prosessen...i kor stor grad skal ein forklara endringane, og kor mykje e mogeleg å forklara?
Tja, kanskje lista for stemning i det eg skriv har vorte litt heva oppigjennom?
Snart skal eg rydda på rommet og ta foreldra mine med ned på ein liten safari i outreachen. Lurar på kva resultata vert... Det er forresten deilig å ha dei heime når eg kjem heim frå jobb, så eg slepp å gjera ALT sjølv! =)
Eg kjenner dette vert svært mykje om MEG, men de bad jo om det...:P
Tja, kanskje lista for stemning i det eg skriv har vorte litt heva oppigjennom?
Snart skal eg rydda på rommet og ta foreldra mine med ned på ein liten safari i outreachen. Lurar på kva resultata vert... Det er forresten deilig å ha dei heime når eg kjem heim frå jobb, så eg slepp å gjera ALT sjølv! =)
Eg kjenner dette vert svært mykje om MEG, men de bad jo om det...:P
Eg kan melda om at mitt fråvær skuldast heimeeksamen. Ein annan ting, fekk du meldinga eg sendte om den gamle cden vår, Hallvard?
Korleis gjekk eksamen?
Eg fekk meldinga, ja! Eg hugsar ikkje lenger heilt kvifor eg ikkje svarte. Sikkert ein dårleg grunn. Så Cd-en var grundig gjennomhøyrt?
Legg inn en kommentar