onsdag, mars 22, 2006

Om ei veke.

Menneska vil vel aldri slutta å undra seg over ei framtid som inneber store hendingar. Tenk, om ein månad kan eg vera millionär! I morgon er eg ferdig med skulen for alltid! Om ein time kjem eg til å vera den lukkelegaste mannen på jord!

Om ei veke befinn eg meg på eit heilt nytt kontinent. Ein heilt annan måte å tenkja på må eg venja meg til, sjå fullstendig andre inntrykk og lära eit språk som alle kan, berre ikkje eg. Eller me.

Sjukt er ordet. Uforståeleg. Men samtidig... Eg hadde nesten ikkje trudd eg skulle seia dette, men - eg gler meg i skrivande stund! For tida er eg faktisk litt lei av denne basen. Det vesle området, dei same gamle gangane og höflege smila når ein passerer kvarandre. Eg merkar faktisk ein eventyrlyst breia seg! Eg skal til Sör-Amerika med nokre av mine beste kristne vener! Kan de tenkja dykk? Eg klarar det ikkje. Men eitt veit eg: det vert kjekt!

Forövrig hadde farmor i dag vorte 95 år.

0 kommentarer: