Svaret på korleis eg har det er: kan ikkje klaga.
I dag var eg på gudsteneste i Den Nordisk-katolske kyrkja. Dei er ortodokse i teologien, men har ein vestleg ritus (måte å utføra gudsteneste på). Eg vart svært godt motteken. Eg trur du ville likt deg godt der, Monika. Veldig fin gudstenesta, med all den gamle liturgiten, og mange fysiske uttrykk for trua (som Luther lukte ut ein del av). Eg trur du treng å gå ein plass som har dei historiske røtene i orden, kan det stemma? (Røtene hindrar blant anna sjansane for emosjonelle overgrep, viss ein kan nytta eit slikt ord, sidan dei har velprøvde ordningar og lære). Denne menigheten har også ein spanande historie, som veldig kort fortalt er at dei var fram til for 10 år sidan ein del av Den norske kyrkja, men etter at dette vart ei lygnkyrkje (som bytta ut den sanne læra med ei falsk ei, og sanne hyrdar med ulvar i fåreklede) melde dei seg ut og fann tilbake til dei gamle trussamfunna. Dei er til og med opne for nådegåver, og biskopen deira skal halda foredrag om bruk av nådegåver om to veker! Det skal eg få med meg.
Elles var det allehelgenssundag i dag då, så fleire av oss snakka om dette med helgenar og slikt i etter kant av gudstenesta (sonen til Rune Larzen var der, eg kjende han att frå den jule-kasetten me har på lofthus!). Fint at det var openheit rundt spørsmålet. Men eg syns vel at det er verre med historieløysa som pregar andre samanhangar, der ein ikkje anar kven Polykarp var! (Disippel av apostelen Johannes og martyr). Men no radlar eg. Ha ei fin veka.
søndag, november 02, 2008
Vitjing hjå dei nordisk-katolske
Lagt inn av
Øystein
kl.
21:19
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Heh, det var ei eldre dame i kyrkja som i kyrkjekaffien uttalte om den norske kyrkja, at den kom til å verta beståande til minst 10 år etter Jesu gjenkomst. Larzen meinte at så lenge oljefondet består så består Dnk. Så der fekk dnk den. Ikkje det at eg er veldig opptatt av å ærekrenka andre kyrkjesamfunn, men Dnk er for meg siste sort. Hmmm, der ærekrenka eg dei igjen. Eg får slutta før eg seier noko endå verre.
Kult om dette kunne bli ei kyrkje du kjenner deg heime i, Øystein! Dei nordisk-katolske høyrer per i dag altså til Den katolske kyrkja?
Hehe. Eg er då forsåvidt samd med deg i det du seier om DnK. Staten var då aldri meint til å styra over kyrkja. Shane Claiborne, forfattaren av ei bok eg les, meiner det var ei katastrofal hending då Konstantin gjorde kristendommen til statsreligion. Ein ser det jo på historia òg - veksten i den kristne kyrkja avtok kraftig etter dette.
Likevel, det er mange regionale variasjonar i DnK. Sjølv om det finst dårlege biskopar og dårlege prestar, er eg viss på at det òg finst gode prestar i DnK som leier sunne kyrkjelydar som best dei kan. Og du verda, kor vakker ei gudsteneste då kan vera.
Helsing diplomaten:P
Takk for gode ord! Dei nordisk-katolske høyrer formelt sett til ei gamalkatolsk gruppe, som braut ut frå moderkyrkja etter det dei såg som nylære ved det fyrste vatikankonsil. Denne gamalkatolske kyrkja står nærare dei ortodokse enn dagens katolske kyrkje, og har ført samtalar med dei. Men dei nordisk-katolske er nok endå litt meir ortodokse i teologien, men for å kunna få formell ortodoks kyrkjetilknyting krevst også at ein adopterer den ortodokse ritusen eller kulturen. Men dei nordisk-katolske vil gjerne behalda den norske måten å feira gudsteneste på, og nyttar difor ein variant av norsk salmebok, dei gamle norske formane for trusvedkjenning og så bort etter. Men hjartet er nærast dei ortodokse, kan eg seia, etter å ha samtalt med båe prestane som var på gudstenesta i går.
Eg er i grunnen samd med Shane Claiborne i akkurat det. David W. Bercot skriv det same i si bok. Inntil det motsette er prova er eg av same oppfatting. Der er faktisk eit av kronargumenta mot den katolske og ortodokse kyrkja - tilhøyrigheita dei har hatt (og har i visse tilfelle) til staten. Men på trass av tilknyting til ulike statar i løpet av 1700 år har dei aldri forfallt til å la staten og samfunnet få diktera teologien, slik me no har sett i Dnk. Dei ortodokse og katolske held jo fast på den bibelske og konservative linja i ei rekkje spørsmål. Jamvel i spørsmål der frikyrkjer er på glid.
Det er også eit poeng (for meg i alle fall) at Den nordisk-katolske kyrkja ikkje har noko statleg tilknyting NO. Tenk deg, ei kyrkje som minnar om det beste frå Den norske kyrkja, berre utan statstilknytinga, liberalteologien, folkekyrkje-tanken, eller likesæla!
I dag har eg på jobben satt meg litt inn i den norske vekkjingshistoria etter Hans Nielsen Hauge og framover. Stadig tek dei avstand frå statskyrkja på ulike punkt, og finn ulike modellar å hanskast med dette på: starta ulike indremisjonsforbund, eller forbli i kyrkja, men samtidig ha eit arbeid utanfor, eller berre starta eit eit splitter nytt kyrkjesamfunn (blant mange). Alt dette er slik eg ser det ulike uttrykk for lengta etter det same; den rette læra. (ortodoksi). Eg kjem til eit punkt der eg tenkjer at for å finna tilbake til den rette læra er det ikkje nok å laga ein ny variant av den norske kyrkja, ein må gå tilbake til oldkyrkja. Berre for å oppdaga at oldkyrkja framleis finst!
Legg inn en kommentar