fredag, november 21, 2008

Frå karismatikar til ortodoks

Då eg snakka med bispen for den Nordisk-katolske kyrkja (som reknar seg for ortodokse i trua, men står formelt under ei gamalkatolsk kyrkje i USA) førre veke, fortalte han meg at 70 prosent av dei som vart medlemmer i kyrkja i fjor kom frå den karismatiske rørsla. Høyr på denne interessante podcasten (mp3) frå Ancient Faith Radio, der ortodokse Matthew Gallatin tenkjer tilbake på si fortid som karismatikar. Både kva som var bra og kva som var dårleg. Gjennom podcasten kan ein også begynna å ana kvifor det går ein veg frå den karismatiske til den ortodokse trua.

5 kommentarer:

Hallvard sa...

Interessant var det på ein sundag!Eg trur eg skjønar meir av korleis ein karismatikar kan gå til ortodoks tru.

Når ein er lei av noko søkjer ein gjerne det motsette. Det stille, ortodokse livet vert gjerne ei god motsetning til støyfylte, karismatiske møte. Det er òg forståeleg for meg at det er lettare for karismatikarar å bli ortodokse enn lutherske - fordi særleg i Noreg og andre europeiske land er det luthersk kristendom ein har gått vekk frå for å bli karismatikar. Iallfall i vår familie.

Men.
Ortodokse verkar gjennom denne podcasten, religiøse på meg. Religiøs er eit ord eg har lært meg til å ikkje lika, fordi det lett fører til nett det Gallatin forsøkjer å unngå - sjølvfokus, men ei anna form for det. Eg har sjølv gått ein veg bort frå religiøsitet sidan eg byrja på Framnes, og nærmare inn i eit praktisk forhold med Jesus.

Eg reagerer òg på at Gallatin mellom anna seier at kristne bør vera "dispassionate," "ascetic," etc. Utan lidenskap. Asketiske. Dette er rart for meg. Me er skapte med lidenskap, med iver og evne til å setja pris på ting. Dersom me skal vera utan lidenskap, vert det for meg som å leggja til sides noko naturleg og ha eit kunstig forhold til Gud.

Eg tenkjer på ikkje-kristne. Dersom ein ikkje-kristen skulle bli ortodoks, måtte han altså leggja til sides sine gleder, sin lidenskap og ein stor del av seg sjølv for å fylgja Jesus? Det vert rart for meg. Eg meiner Jesus gjer oss heile som menneske, og vil me skal ta i bruk det me har fått av gåver frå han. Eg meiner det er mogleg å gå frå å vera ikkje-kristen rockegitarist til å bli kristen rockegitarist og æra Gud med spelinga. Men det høyrest på meg ut som om ortodokse ikkje ville vera einige i det eg seier her.

Elles sette eg pris på at Gallatin var mild og ikkje fordømde karismatiske, då han t.d. sa at han hadde opplevd ting på karismatiske møte som han enno i dag var sikker på var verket til Den Heilage Ande.

Hallvard sa...

Eg var forresten òg einig i det Gallatin sa om at sine største opplevingar med Gud hadde han fått utanfor store møte. Det er det same i mitt tilfelle. Så eg undervurderer ikkje stille stunder åleine med Gud.

Øystein sa...

Kjekt med kommentar!

Du har rett i at det er godt med den meir stille og ettertenksame åndelegheita blant dei ortotodokse kristne, etter den støyande varianten. Det dei båe har til felles er nok ei mindre rasjonalistisk kristendom, som dei høgkyrkjeleg lutherske og katolske kanskje meir bær preg av. Ei innsikt om at det ikkje er nok å kunna eit sett læresetningar på rams.

Eg lurar litt på kva du meiner med religiøs? Det ser ut til at det er eit negativt lada ord for deg. Men den vanlige tydinga av ordet religion er vel synonymt med "tru", den kristne trua, den muslimske trua eller den jødiske. Kan det vera at du meiner noko i retning av "tomme rituelle handlingar utan liv, eller utan eit personleg gudsforhold"? Det kunne i så fall rima litt med den utviklinga du nemner frå og med Framnes-tida di. Eg kjenner igjen ein slik tankegang frå Levende Ord-terminologien på tidleg 90-tal. Eg hugsar den fyrste jola når me fekk besøk frå visse fetterar som nyleg hadde begynt på LO, som var veldig til å åtvara om all religiøsiteten dei såg. "Tradisjon" var faktisk eit av dei hyppigast bruke negative orda. Alt ved den norske jola og kyrkjegongen var religiøsitet og tradisjonar. Eg trur dette også vart kobla til det demoniske. No hadde nok desse "nyfrelste" fetterane ein heil del ungdommeleg overmot blanda inn i tankegangen sin, men dei hadde no ikkje soge dei underliggjande antakingane or eige bryst. "Nissen er en demon" var også ei populær regle i ungdomsmiljøet, viss eg ikkje minnest feil. Dette avtok ein heil del i dei seinare åra, og kulminerte kanskje i den gongen Ulf Ekman på ein LEvende Ord-talarstol tilrådde ei bok av Peter Halldorf. Noko som vart mitt fyrste steg i retning av gamaltrua.

Etter å ha lest ein del om korleis dei ortodokse tenkjer, og om kyrkjehistoria (som dei ortodokse meiner er deira historie) er nok eg litt usamd. Eg er sjølvsagt også sterk motstandar av død gudstru (viss det er dette du legg i religiøsitet), men det er jo ein kamp som kvar sann kristen kjempar. Det er ein kamp som skjer inni oss. Død kristentru finst dessverre i alle leirar. Eg har i alle fall møtt mange oppriktige og sanne kristne blant dei ortodokse. Når det etterkvart gjekk opp for meg at dei fyrste kristen nytta liturgi, faste bøner, hadde eit fast program som sentrerte seg rundt nattverden, nytta alter i gudstenesta og så vidare, var del av det som fekk meg til å sjå annleis på dei ortodokse. På møta til Levende Ord til dømes, var det nesten aldri nattverd! Og det vart endå sjeldnare undervist om det; eg kjem faktisk ikkje på ein einaste gong.

Kvifor dei ortodokse risikerer sjølvfokus ved å utøva si religiøse tru, trur eg du må forklara nærmare. Eg prøver ikkje å vera vanskeleg, eg strevar rett og slett med å forstå kva det er ved deira utøving av trua du meiner som har sjølvfokuset som faremoment. Du høyrte jo sjølv at Gallatin i sin podcast oppfordrar sine lyttarar (som hovudsakleg er ortodokse lyttarar) til å oppgi sine egoistiske behov og å vera audmjuke. I frikyrkje-Noreg derimot har eg opplevd mykje personfokus. Også som Gallatin seier, handlar karismatikken ofte om korleis eit møte får deltakarane til å føla. Det er også personfokus.

Eg forstår reaksjonen din mot "den lidenskapslause kristendommen". Det er ein heilt annan måte å tenkja på. Men det er altså snakk om dei verdslege lidenskapane. I likninga om såkornet seier Jesus (Lukas 8, 14) "Det som fall mellom klunger, er dei som høyrer, og medan dei vandrar, vert dei kjøvde av suter og rikdom og lystene i livet, så dei ikkje ber fullmogen frukt." For meg kan det sjå ut til at dei ortodokse framhever ein meir bibelsk form for kristendom enn dei som hevdar at ein kan ha akkurat det same livet som før, berre med kristent forteikn. Jesu lære er jo faktisk at den som set noko i verda høgare enn han, er han ikkje verdt. At dei ortodokse held hardt fast på dette, er for meg eit teikn på sanningsgehalten. Så kan ein sjølvsagt setja Jesus høgast og samstundes spela gitar. Men eg trur me alle veit innst inne kor grensa går her. Det dreier seg om å ha kontroll over lidenskapane, føra dei under lydnad mot Kristus. Nytestamentet snakkar mange stadar om sjølvtøyming og "eit stille liv", og andre formar for kontroll av lidenskapar. Og me må ikkje gløyma dei gode lidenskapane som kjærleik, fred og glede! Men dei går under ordet dygder i ortodoks terminologi. Ein del av misforståingane her ligg i språket, kjenner eg.

Asketisme er dei ortodokse sitt ord for den daglege kampen kristne kjempar for å motarbeida sjølvlivet, og lat Jesus vinna rom i oss. Asketisme er samleomgrepet dei ortodokse nyttar på bøn, faste, å gå til dei fattige, dagleg omvending, og så vidare. Bibelsk alt saman.

Takk igjen for dine innspel!

Hallvard sa...

Me har nokre misforståingar på gang, ser eg!

Fyrst til dette med religion. Det eg meiner, er som det heiter i Børud-songen:

"Det livet jeg har som kristen, det er ikke en religion. Det livet jeg har, er et forhold til en positiv person. Ja, det er du, Jesus som gjør livet mitt helt topp! Du trykker meg ikke ned, men du løfter meg opp!"

For meg er ikkje religion synonymt med Gudstru. For meg (og mange andre med meg, trur eg) blir religion noko som vil setja kristendommen i same boks som islam, hinduisme etc. Eit tankesett med reglar som me menneske må strekkja oss etter for kanskje å bli gode nok for Gud. Men Gudstru er for meg det å tru på nåden - at Gud strekkjer seg ned til oss. Dette var berre ei ordforklaring.

Tanken om at "religion" er negativt er altså ikkje ein tanke som Levende Ord stod for åleine. Det går på ei frykt for at når gudstrua blir begrensa til rituale, kan det føra til det å gjera rituala for syns skuld. Sjølvrettferd. Når eg seier det òg kan føra til egoisme, trekkjer eg berre fram prinsippet Jesus brukar i forteljinga om bøna til farisearen og tollaren. "Takk Gud, for at eg er betre enn andre menneske!" Det er mogleg å setja identiteten sin i rituala, og det er det eg er skeptisk til ved religion.

No ser eg du seier at dei ortodokse meiner det ikkje er nok å kunna læresetningar på rams. Det skulle tyda på at dei ikkje lever i den mørke sida av religiøsiteten. Eg kjenner ikkje dei ortodokse godt nok til å seia noko anna. Eg seier berre at ein ikkje er for alltid sikra mot egoisme, same kva kyrkjesamfunn ein tilhøyrer.
No har dei ortodokse sikkert ein fordel i at dei ikkje er mange i Noreg! Då må det vera den harde kjernen som sit att i kyrkja = mindre egoisme og vranglære. Du har sikkert rett i at mange ortodokse lever i ei sannferdig tru.

Elles ser eg at me har utvikla vidt forskjellige bakgrunnar, og dermed reagerer på vidt forskjellige ting! T.d. var ikkje eg gamal nok til å hugsa då fetrane våre kom heim til jol inspirerte av ny lære og fordømte tradisjonen. Det var nytt for meg. Levende Ord gjekk nok vel langt i å seia at all tradisjon var gale. Tradisjon er vel og bra, det, og det er bra at den ortodokse kyrkja legg vekt på han!

Men tradisjonen har ikkje same autoritet som Bibelen, og dermed meiner eg at ein ikkje treng bruka liturgi i kyrkja i dag sjølv om dei fyrste kristne gjorde det. Her meiner eg det finst fridom til å uttrykkja Gudsforholdet sitt slik ein sjølv best ynskjer det. Syng! Spel! Dans! Alt me er kan, og bør, brukast til Guds ære!

Eg ser heilt klårt argumentet ditt om kjenslekristendom. For mange unge kristne i dag blir det ofte ei stor openberring at "trua mi handlar faktisk ikkje om kjensler!" Du har sett baksida av denne medaljen klårare enn eg.

Du har heilt rett når du snakkar om negative lyster, det er svært Bibelsk. Sidan sist eg skreiv har eg lese 2. peter og 2. timoteus, der sjølvtøyming av lyster blir nemnt ofte. (Eit stille liv står imidlertid nemnt éin gong i Bibelen.) Samtidig er Bibelen, og særleg det nye testamentet, ei bråkete bok; full av menneske som gjer store ting med Gud bak seg. Skal me bli lik Jesus, er det ikkje nok berre å leva eit stille liv!
Du vil kanskje ikkje tru meg når eg seier dette, men eg er delvis evangelist av natur, og tykkjer det er spanande med dei som torer å nå heilt vanlege menneske ved å vera heilt vanlege vitne der folk flest oppheld seg! Dette blir vel asketisme, då.

Asketisme og dygder er underlege ord for så mykje godt, synst eg. Når eg høyrer asketisme, tenkjer eg på munkar som nekta seg mat og drikke for å meditera og be. Men dersom asketisme rommar så mykje bra som du seier - ja vel, fram med asketismen, då! Lat oss elska Gud og menneske som Jesus gjorde, både ortodokse og frikyrkjefolk!

Øystein sa...

Her var det såpass mykje eg er samd i at eg nesten er freista til å berre lata det stå uimotsagt. Det evangelistiske sinnelaget er kanskje det viktigaste protestantar har å læra ortodokse. Dei ortodokse var i mange hundreår under muslimsk styre, og evangelisering vart straffa med døden. Og slik er det framleis for enkelte ortodokse kyrkjer, som den i egypt.

I mitt svar vil eg begynna i ein annan ende.

Mange i vårt samfunn i dag er trøytte av det materialistiske jaget. Eit oppjaga liv prega av evig dårleg tid. Underhaldningskulturen. Det postmoderne tankesettet der alt er like godt. Framandgjeringa. Me er skilde frå naturen, frå kvarandre, og frå oss sjølve. Einsemda er vorte ein folkesjukdom. Dei gamle, sjuke og døyande er stuva bort på institusjonar. Me ser dei ikkje. Me er redde for døden, og prøver å dytta ut or sinnet alt som kan minna oss om han. Alt skal vera ungdom. Samstundes, når borna våre er eitt år gamle vert dei plassert i barnehagar, og snart skular, der dei tilbringer heile dagane med staten som oppdragar. Slik at dei også kan formast i statens vrengebilete av kva som skapar eit godt liv. Kva som skjer med dei endå yngre borna vil eg ikkje tenkjar på ein gong. Det som har fått oss ut i dette uføret er klassiske synder (eller laster) som grådigheit, sjølvnyting og sjølvfrigjering, grenseløyse, og mangel på dygder som måtehald, sjølvtøyming, sjølvoppofring, omsorg, kjærleik til kvarandre og naturen.

Ein del har prøvd å ta opp kampen med ulike aksjonar for å setja ned tempoet i kvardagen, skriva innlegg i avisene om tidsklemma, verna miljøet, verna om livet og – tapt. I det store og heile har dei tapt. Berre når grådigheita til slutt sprengjer grensene for kva det økonomiske systemet toler, vert denne karusellen sakka ned. For ei stund.

Som kristne skulle me ha vore ein motpol til alt dette. I staden har kristne i mange tilfelle vorte ein del av problemet. Som DC Talk siterer i ein song: «The single greatest cause of atheism in the world today, is Christians who confess Jesus with their lips, and go out the door and deny him by their lifestyle». Mange menighetar er eit speglbilete av samfunnet rundt. Underhaldning og materialisme, egosentrisme, likesæle og bøneturke pregar mange. Dei kristne tilbringer rotterace-dagane i dvale og kveldane framfor skjermane. Dei er akkurat som alle andre! Mange blir kristne berre for å få ein billett til himmelen, ikkje for å forandra seg sjølv og verda om kring.

Noko av årsaken til problemet er at ein kvar kristen står fritt til å forma akkurat den forma for kristendom som passar han sjølv. Til dømes ein form for kristendom som sidestiller velsigning og luksus. Eg har lest fæle historiar om kva som hende då velstands-evangeliet kom til Afrika. Protestantismen kjem ikkje unna at det er «Bibelen åleine» som har skapt klimaet der kvar kan laga sin eigen teologi, vera det seg liberal teologi, feministisk teologi, eller «billig nåde»-teologi. Og kvar kan starta si eiga kyrkje ut frå sin eigen private teologi. Dermed bidrar denne protestantiske grunnhaldninga til det samfunnsproblemet som splitting er. I sine mange sjatteringar går dei protestantiske kyrkjene på kvar sine måtar glipp av sentrale læresetningar som vår tid desperat treng å høyra.

Her har den ortodokse trua bevart fylden av kristendommen. Alt er ikkje bra i den ortodokse kyrkja, men dei har «bevart læra som ein gong for alle vart overlevert til dei heilage». Ei lære som apostlane overleverte ved å etablera kyrkjer, og skapa nye disiplar. Oppskrifta på det kristne livet vart ikkje fyrst og fremst overlevert skriftleg, men ved delt liv. Trur du at alt Peter hadde på hjarta kunne rommast i to brev? Apostelen Andreas hadde ikkje noko å overføra ettertida? Alternativet verkar mykje meir truverdig: apostlane reiste rundt og lærte muntleg, og starta kyrkjer. Kyrkjer som nytta liturgi og sentrerte seg rundt nattverden. Kyrkjer som finst den dag i dag, og er ortodokse. Som dei koptiske, syriske, libanesiske og keltiske kyrkjene. No er ikkje alt bra i desse kyrkjene, og mange av dei treng eit meir personleg gudstilhøve, men dei har sanneleg mykje som protestantar treng å læra også. Kanskje spesielt den varianten av radikal kristentru som prega og pregar dei som drog ut i skogane og ørkenane, eller starta opne klosterfellesskap midt i nye område. Slik som til dømes dei keltiske kristne gjorde i England.

Nokon spør meg: kvifor skal ein bli med i den ortodokse kyrkja? Eg vil snu på det, og seia: kva gir meg fridom til å stå utanfor kyrkjene som apostlane starta?

Grunnen til at det er så viktig at me kristne lever forandra liv er at verda desperat treng det. Det er me som er verdas salt. Kva kan saltet brukast til viss det misser si kraft?

Det du skriv om religion og sjølvrettferd må eg kommentera. No skjønar eg litt meir av kva du meinte med religiøsitet. Tanken er at i religionane dreier det seg om at menneske prøver å nå opp til Gud (sjølv-rettferd), men i kristendommen strekkjer Gud seg ned til oss (Guds rettferd). Men det er berre halve biletet at me vert frelst av tru og nåde. Me vert også frelst ved gjerningar. At me vert frelst av båe desse tinga er dei fyrste kristne samstemte om, kyrkjekonsila, og alle dei historiske kyrkjesamfunna. Å tru at me vert frelste av nåde åleine er eit stjerne-eksempel på kva som skjer når ein skal forma ein ny teologi etter privat openberring, slik Martin Luther gjorde. Ein må ignorera eller bortforklara ei røys av bibelvers for å få det til å gå i hop:

Matt 7:21
21 Ikkje kvar ein som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil.
Matt 24:13
13 Men den som held ut til enden, han skal verta frelst!
Joh 5:29
29 Dei som har gjort godt, for å stå opp til livet, men dei som har gjort vondt, for å stå opp til dom.
Op 22:12
12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn er med meg, for å gje kvar og ein att etter som gjerningane hans er.
1Tim 4:16
16 Gjev akt på deg sjølv og på læra! Hald fram med det. For når du det gjer, skal du frelsa både deg sjølv og dei som høyrer deg.
Jak 2:24
24 De ser at eit menneske vert rettferdiggjort ved gjerningar, og ikkje berre av tru.

Samtidig må ein ikkje gløyma bibelvers som dette:
Ef 2:8f
8 For av nåde er de frelste, ved tru. Og dette er ikkje av dykk sjølve, det er Guds gåve.
9 Det er ikkje av gjerningar, så ingen skal rosa seg.

Problemet oppstår når ein vektlegger berre ein av desse tinga, som Luther gjorde. Dermed forsvinn også problemet med sjølvrettferd: me vert frelst av nåde OG eigne gode gjerningar. Eg bør også nevna at den gruppa dei fyrste kristne kjempa hardast mot – gnostikarane – var dei som lærte «frelse ved nåde åleine».

Det var også meir eg hadde på hjarta, men det får bli seinare. Takk så langt.