Som eg lova mamma og pappa, postar eg her ynskjelista mi til jol på Lufthus! Eg ynskjer meg mykje musikk i år, men nokre "vanlege ting" òg.
Eg startar med musikken.
* Nils med Skils - Ventings EP & Ventings 2 EP. (Dette er kanskje Noregs dyktigaste morsmålsrappar, frå Gjerdrum i Akershus. Han har gjeve ut desse to EP-ane som eg gjerne vil støtta han med. Er å finna ved søk på denne sida.
* Coldplay - Viva la Vida or death and all his friends. Dette er den nyaste cden til det britiske bandet Coldplay. Dei er svæææært dyktige. Alle andre cdar av Coldplay vert òg mottekne med takk. Er å finna på Platekompaniet, eller i einkvar musikkforretning med respekt for seg sjølv.
* Lukestar - Lake Toba. Ny cd frå eit spanande indierockband frå hovudstaden. Er å finna på Platekompaniet.
* Sigur Ròs. Islands store søner, sjølv i harde finanstider. Har gjeve ut mykje bra som eg er interessert i å testa ut! Igjen, platekompaniet.
* Kloster - Coastal Research. Kunstnarisk kristen musikk frå København som eg har stor sans for. Bandet er faktisk såpass ukjend at ein må senda dei ein mail for å få cden, så stor respekt viss du klarar å få tak i denne. Mailen er contactkloster@gmail.com
* Paul Grønseth - Ære. Dette er ein god erstatning for Rudi Myntevik. Norsk lovsong med god kvalitet. Bør vera lett å finna på Bok & Media.
* Bibelomslag. Bra å ha for pennar og notatpapir til å ha med Bibelen.
* Paraply. Ein litt stor ein.
* Brillepussevæske.
* Sokkar. Eg treng alltid sokkar. Gjerne med oppsiktsvekkjande motiv på.
* Eksotisk mat. (Gjerne litt eksklusiv kaffi.)
fredag, november 14, 2008
Ynskjeliste
Lagt inn av
Hallvard
kl.
14:14
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
Legg inn en kommentar