Dette er eit framhald av denne diskusjonen.
Her var det såpass mykje eg er samd i at eg nesten er freista til å berre lata det stå uimotsagt. Det evangelistiske sinnelaget er kanskje det viktigaste protestantar har å læra ortodokse. Dei ortodokse var i mange hundreår under muslimsk styre, og evangelisering vart straffa med døden. Og slik er det framleis for enkelte ortodokse kyrkjer, som den i egypt.
I mitt svar vil eg begynna i ein annan ende.
Mange i vårt samfunn i dag er trøytte av det materialistiske jaget. Eit oppjaga liv prega av evig dårleg tid. Underhaldningskulturen. Det postmoderne tankesettet der alt er like godt. Framandgjeringa. Me er skilde frå naturen, frå kvarandre, og frå oss sjølve. Einsemda er vorte ein folkesjukdom. Dei gamle, sjuke og døyande er stuva bort på institusjonar. Me ser dei ikkje. Me er redde for døden, og prøver å dytta ut or sinnet alt som kan minna oss om han. Alt skal vera ungdom. Samstundes, når borna våre er eitt år gamle vert dei plassert i barnehagar, og snart skular, der dei tilbringer heile dagane med staten som oppdragar. Slik at dei også kan formast i statens vrengebilete av kva som skapar eit godt liv. Kva som skjer med dei endå yngre borna vil eg ikkje tenkjar på ein gong. Det som har fått oss ut i dette uføret er klassiske synder (eller laster) som grådigheit, sjølvnyting og sjølvfrigjering, grenseløyse, og mangel på dygder som måtehald, sjølvtøyming, sjølvoppofring, omsorg, kjærleik til kvarandre og naturen.
Ein del har prøvd å ta opp kampen med ulike aksjonar for å setja ned tempoet i kvardagen, skriva innlegg i avisene om tidsklemma, verna miljøet, verna om livet og – tapt. I det store og heile har dei tapt. Berre når grådigheita til slutt sprengjer grensene for kva det økonomiske systemet toler, vert denne karusellen sakka ned. For ei stund.
Som kristne skulle me ha vore ein motpol til alt dette. I staden har kristne i mange tilfelle vorte ein del av problemet. Som DC Talk siterer i ein song: «The single greatest cause of atheism in the world today, is Christians who confess Jesus with their lips, and go out the door and deny him by their lifestyle». Mange menighetar er eit speglbilete av samfunnet rundt. Underhaldning og materialisme, egosentrisme, likesæle og bøneturke pregar mange. Dei kristne tilbringer rotterace-dagane i dvale og kveldane framfor skjermane. Dei er akkurat som alle andre! Mange blir kristne berre for å få ein billett til himmelen, ikkje for å forandra seg sjølv og verda om kring.
Noko av årsaken til problemet er at ein kvar kristen står fritt til å forma akkurat den forma for kristendom som passar han sjølv. Til dømes ein form for kristendom som sidestiller velsigning og luksus. Eg har lest fæle historiar om kva som hende då velstands-evangeliet kom til Afrika. Protestantismen kjem ikkje unna at det er «Bibelen åleine» som har skapt klimaet der kvar kan laga sin eigen teologi, vera det seg liberal teologi, feministisk teologi, eller «billig nåde»-teologi. Og kvar kan starta si eiga kyrkje ut frå sin eigen private teologi. Dermed bidrar denne protestantiske grunnhaldninga til det samfunnsproblemet som splitting er. I sine mange sjatteringar går dei protestantiske kyrkjene på kvar sine måtar glipp av sentrale læresetningar som vår tid desperat treng å høyra.
Her har den ortodokse trua bevart fylden av kristendommen. Alt er ikkje bra i den ortodokse kyrkja, men dei har «bevart læra som ein gong for alle vart overlevert til dei heilage». Ei lære som apostlane overleverte ved å etablera kyrkjer, og skapa nye disiplar. Oppskrifta på det kristne livet vart ikkje fyrst og fremst overlevert skriftleg, men ved delt liv. Trur du at alt Peter hadde på hjarta kunne rommast i to brev? Apostelen Andreas hadde ikkje noko å overføra ettertida? Alternativet verkar mykje meir truverdig: apostlane reiste rundt og lærte muntleg, og starta kyrkjer. Kyrkjer som nytta liturgi og sentrerte seg rundt nattverden. Kyrkjer som finst den dag i dag, og er ortodokse. Som dei koptiske, syriske, libanesiske og keltiske kyrkjene. No er ikkje alt bra i desse kyrkjene, og mange av dei treng eit meir personleg gudstilhøve, men dei har sanneleg mykje som protestantar treng å læra også. Kanskje spesielt den varianten av radikal kristentru som prega og pregar dei som drog ut i skogane og ørkenane, eller starta opne klosterfellesskap midt i nye område. Slik som til dømes dei keltiske kristne gjorde i England.
Nokon spør meg: kvifor skal ein bli med i den ortodokse kyrkja? Eg vil snu på det, og seia: kva gir meg fridom til å stå utanfor kyrkjene som apostlane starta?
Grunnen til at det er så viktig at me kristne lever forandra liv er at verda desperat treng det. Det er me som er verdas salt. Kva kan saltet brukast til viss det misser si kraft?
Det du skriv om religion og sjølvrettferd må eg kommentera. No skjønar eg litt meir av kva du meinte med religiøsitet. Tanken er at i religionane dreier det seg om at menneske prøver å nå opp til Gud (sjølv-rettferd), men i kristendommen strekkjer Gud seg ned til oss (Guds rettferd). Men det er berre halve biletet at me vert frelst av tru og nåde. Me vert også frelst ved gjerningar. At me vert frelst av båe desse tinga er dei fyrste kristne samstemte om, kyrkjekonsila, og alle dei historiske kyrkjesamfunna. Å tru at me vert frelste av nåde åleine er eit stjerne-eksempel på kva som skjer når ein skal forma ein ny teologi etter privat openberring, slik Martin Luther gjorde. Ein må ignorera eller bortforklara ei røys av bibelvers for å få det til å gå i hop:
Matt 7:21
21 Ikkje kvar ein som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil.
Matt 24:13
13 Men den som held ut til enden, han skal verta frelst!
Joh 5:29
29 Dei som har gjort godt, for å stå opp til livet, men dei som har gjort vondt, for å stå opp til dom.
Op 22:12
12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn er med meg, for å gje kvar og ein att etter som gjerningane hans er.
1Tim 4:16
16 Gjev akt på deg sjølv og på læra! Hald fram med det. For når du det gjer, skal du frelsa både deg sjølv og dei som høyrer deg.
Jak 2:24
24 De ser at eit menneske vert rettferdiggjort ved gjerningar, og ikkje berre av tru.
Samtidig må ein ikkje gløyma bibelvers som dette:
Ef 2:8f
8 For av nåde er de frelste, ved tru. Og dette er ikkje av dykk sjølve, det er Guds gåve.
9 Det er ikkje av gjerningar, så ingen skal rosa seg.
Problemet oppstår når ein vektlegger berre ein av desse tinga, som Luther gjorde. Dermed forsvinn også problemet med sjølvrettferd: me vert frelst av nåde OG eigne gode gjerningar. Eg bør også nevna at den gruppa dei fyrste kristne kjempa hardast mot – gnostikarane – var dei som lærte «frelse ved nåde åleine».
Det var også meir eg hadde på hjarta, men det får bli seinare. Takk så langt.
onsdag, november 26, 2008
Når saltet misser si kraft
Lagt inn av
Øystein
kl.
15:22
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Interessant! Dette innlegget er jo tilnærma lik ei god preik! =)
Eg likte veldig godt karakteristikken din av dagens samfunn. Du unngår dei kristne klisjeane, (eg tek personleg til å bli lei av utsegnet "I Noreg i dag treng me ikkje Gud lenger") og du peikar på nokre svært sentrale ting. Eg og Lindsay har mellom anna snakka om at me ikkje har mange fattige i Noreg i forhold til USA, fordi alle får jo trygd her. Men Noreg har mykje av ein annan type indre fattigdom - og den atterspeglar seg i kor mange som bur her som er einsame.
Det er modig og rett å sjå samanhengen mellom tilhøva i Noreg i dag og gamle synder.
Og eg er faktisk einig med det aller meste du skriv. No hadde sikkert Luther sagt om dagens samfunn at det ikkje var hans feil at folk misbrukte prinsippa hans. Men i botnen og grunnen er det nettopp dei dei kristne har brukt som årsak for å starta nye kyrkjer som har gjort oss kristne vel mykje lik verda, og skapt teologisk forfall. (Eg er også imot velstandsevangeliet og teologien til Joseph Prince & co, sjølv om det sikkert finst gode kristne i dei fleste kyrkjelydar.)
Det er forøvrig interessant at eg i forrige kommentarrekkje, trekte fram prinsippet om Bibelens autoritet utan å tenkja over at det var eit av Luthers haldepunkt. Eg er godt oppdregen. =P Eg må nok halda meg unna diskusjonen om autoriteten til tradisjonen, for akkurat der trur eg ikkje me vil bli einige. Men eg skjønar resonneringa di.
Likevel meiner eg at på grunn av situasjonen me er i i dag, der den ortodokse kyrkja er ei av mange ulike kyrkjelydar - kan ho ikkje lenger hevda å vera KYRKJA. Ho har sterke, gode røter, det er sant, men ho er ein del av Jesu Kristi kyrkje. Det gjev for meg fridom til å stå utanfor.
At me har mykje å læra av dei ortodokse, er heilt sikkert! Eg er sjølv inspirert av ørkenfedrene.
Og eg er heilt einig i at frelsa kjem av både tru og gjerningar, fordi tru utan gjerningar er død tru. Dersom ein verkeleg lever i dette, kan ein unngå sjølvrettferd, det held eg med deg i. Framleis er det mogleg å gå i grøfta, men slik er det alltid.
Interessant med gnostikarane òg, eg var ikkje klar over at dei var slike nådeforkjemparar!
Eg ser fram til framhaldet!
Ei gysla god preike, Øystein. Dette kling godt i dei ortodokse øyra mine ;-)
Takk for det, Roy-Olav. Og takk for i går! På fotball-kampen knakk eg ei tå etter ein litt småstygg takling frå kåna di. Men ingen harde kjensler. Det var verdt det! Dessutan vart det mål.
Legg inn en kommentar