tysdag, oktober 28, 2008

Så... elles, då?

Kva gjer eg elles på anna enn å ta bilete av bilar og hundar?
Tja.

Studia går som dei pleier. Eg er ikkje alltid like motivert, men arbeidet vert gjort innan fristane går ut.

Lovsongsleiinga mi er ikkje ein stor del av det eg driv med, men det hjelper på å halda pianospelinga mi ved like. Pianoet her er herleg til å spela jazz på.
Eg har blitt med i lovsongsbandet i frikyrkja dette året. Me øver annankvar onsdag.

Ungdommane som eg prøver å bruka tid med og investera i, har det stort sett bra! Det er oftast i helgene eg driv med ungdomsarbeid. Krik annankvar sundag, Nattkafe i Glomfjord annankvar laurdag, Ungdomsklubben 7-eleven annankvar fredag.
Pluss at eg er med på barnekor kvar tysdag.

Det er mykje som skjer "av og til." Det meste er like viktig.

Triin og DTS-en har det bra. Ho likar jobben sin betre enn nokon DTS-stab eg har møtt, trur eg! Mykje arbeid vert det så klart når dei er 5 stab fordelt på 11 studentar.

Framleis har eg ikkje fått nokon førespurnader frå nokon om å koma på besøk hit ein gong i dette semesteret. Men eg prøver å tvinga Olav Andreas til å ta ein tur i vinter, hehe=)

Slik har eg det!
Korleis har så DU det?

0 kommentarer: