Snart befinn eg meg i Hamburg.
Som så ofte för i mitt tilfelle för ei reise, er eg ikkje särleg spent i det heile. Kva kan det skuldast? Eg er neddopa av ein slags sövnig fred, sjölv om dette er den nest-viktigaste hendinga i heile DTS-året. Denne freden er eg svärt god på, men han er ikkje ei kjensle som folk rundt meg ser ut til å setja pris på.
Nuvel. Nok om meg og mitt. Dei eg skal reisa i lag med, er fylgjande:
- Familien Mo. Markus, Helene og dötrene Lydia og Maria. Det er sjeldan at folk tek med seg born på mini-outreach, men det vert spanande å ha dei med!
- Sindre frå Orkdal i Tröndelag. Sindre er stab, men er den av dei mannlege team-folka som er närast meg i alder, med 21 år.
- Mareike frå Hessen, midt i Tyskland.
- Karen Amalie frå Bykle i Setesdalen.
- Joseph, 32 år, frå India.
Meg inkludert tel me 9 personar. Det er eit spenstig team, for me er ikkje av dei som har snakka mest i lag, eller er likast. Men me vonar å samarbeida godt for å få vist Jesus på best mogleg måte!
Det me skal jobba mest med, er barnearbeid. Men me skal dessutan vera litt på reperbanen (Red Lights District) for å evangelisera der. Utfordrande.
Det eg vil seia, er: kan de be for oss? Bön er eit mektig våpen, og Paulus oppmodar ofte til å be for evangelistane. Dette er min fyrste reine evangeliseringstur, så eg får på ein måte sjå kva eg er laga av. Er eg i stand til å leggja ned mine eigne kjensler av misnöye, som för eller seinare vil koma for alle som reiser på team, for å skina for Jesus?
Dette vert den störste utfordringa, og eg vil möta henne kvar dag.
Viss de hugsar på oss, be for:
- einheit i teamet
- at Gud må leia oss
- at folk må verta frelst!
Eg set stor pris på dykk, og at de ber! Eg kjem til å senda kopi av mail til dykk begge når eg får tak i ei datamaskin! Snakkast=)
søndag, januar 22, 2006
Tankar för ein Tysklandstur.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
23:03
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
konge bror! klart eg kan be :) detta vette kjekt veit du. ikkje ta frykta på forskudd...God tur!
Legg inn en kommentar