søndag, januar 01, 2006

Godt nytt år!

Nyttårsdag. Denne dagen var ofte ein dag eg gledde meg mykje til i barndommen. Dette var dagen då eg stod opp tidleg, gjekk ut i den gneistrande, klåre lufta som enno lukta av krutrøyk, for å samla skattar som låg overalt på bakken. Rakettpinnar.
Eg konstaterte jo år etter år at det er kjekkare å få enn å ha. Rakettane samla seg opp i ein haug under trappa der dei låg i ein plastpose og såg stygge ut heilt til eg skjøna at eg ikkje ville ha noko forteneste av å ha dei lagra der. Eg berre ville så gjerne ha nettopp dèt.

No, 9-10 år seinare, har eg litt den same kjensla. I det iskalde dagsljoset i dag fòr eg innover fjorden i foreldras svarte golf for å vitja mine ex-klassekameratar frå Vikøy. Dei hadde leigd nokre hytter på Seljestad og feira nyttår i lag. Eg hadde bestege ein fjelltopp med Olav Andreas på sjølve nyttårsnatta for å senda opp rakettar frå ein kjend utstikkar ovanfor Lofthus, men ville likevel få eit glimt av kjenningane mine før dei drog.

Og i dèt eg sat der i bilen, med fjellranda avteikna sylskarpt mot den kvite himlen med ei aning av blått, tenkte eg på det kongen siterte av H.C. Andersen i talen sin:
"Du maa forstaae det, forstaae at fange en Solstraale!"
Lukke til med det nye året.

2 kommentarer:

Monika sa...

fantastisk sitat. da likte eg.
e da mulig å få ei skildring av fjellturen kanskje?

Hallvard sa...

Det hadde vore det... Men mykje å gjera på for tida, lite tilgang til internett.