onsdag, januar 18, 2006

"Ein interessant sosiologisk augneblink"

I veka som gjekk bad eg og Hallvard kvarandre om forlating for vår gjensidig dumme oppførsel den tredje joledag. Lufthusets to mannlege medlemmar har gått gjennom kvar minste detalj av konflikta som oppsto. I samband med det har eg tenkt over noko anna som skjedde, som òg kan vera av interesse.

Då konflikta var eit faktum, minnest eg at Lid-klanens høgast utdanna person (og lufthusets feminine alibi), Monika, tok til orde og sa noko liknande tittelen på dette innlegget. Deretter sa ho noko slikt som "no må begge fortelja korleis dei opplevde det som hende, og kva de følte då den andre sa det han gjorde". Eg minnest at eg tenkte at det var gode råd, og det tvers gjennom det sitrande sinnet som bobla på overflata i meg.

Eg kjende meg glad for at ein person med sosiologisk kompetanse var til stades for å guida oss gjennom våre kompliserte kjensler og reaksjonar. Men så forsvann sosiologen vår, med avskjedskommentaren "at det går an å vera slik". Og overlet kamphanane til kvarandres dårlege utgangspunkt for kommunikasjon. Viss eg hadde fått velja, ville eg gjerne hatt den profesjonelle til stades.

(p.s. viss nokon av dei involverte partane tykkjer dette innlegget ikkje burde vore publisert på bloggen, ver venleg å gjer meg merksam på det)

5 kommentarer:

Monika sa...

this is funny.

beæra over å verta kalt for profesjonell. hehe.

men altså: grunnen til min første kommentar, var at me akkurat hadde vore på seminar om konflikthandtering, på jobben. dama på kurset gav oss ei oppskrift for korleis dei jobba i konfliktrådet, der ho arbeidde, noko som eg fann svært interessant. og sidan eg veit at ein samtale er så mykje meir enn det verbale, jmf innlegg nr 8 på forrige bloggting, tenkte eg at d var viktig at de fekk snakka om det, for å setja ord på kva den eine og den andre hadde tenkt og følt og meint, både før, under og etter dei ulike kommentarane.

men eg må innrømma at interessa over dette sosiologiske fenomenet avtok, og eg feiga ut. eg burde sjølvsagt bitt i meg den dårlige stemninga som eg opplevde var der, og utforska desse tankane saman med brørne mine. men eg vart rett og slett så oppgitt over dykk, at eg droppa det. og så vart eg litt sur, for eg meinte at de øydela den gode stemninga, som var der til dels i byrjinga, men som iallefall kunne ha vore der, dersom de ikkje hadde øydelagt det. eg hadde sett fram til ei hyggeleg natt med dykk, men etter at de byrja å krangla, vart eg rett og slett lei meg. syns de var egoistiske som berre tenkte på dykk sjølve, og ikkje på å gjera kvelden bra.

dette har sjølvsagt samanheng med at eg ikkje likar å diskutera og kverulera i ein vond tone, vel og merka.

å utforska temaet i seg sjølv, var eg igrunnen keen på, men eg såg for meg at krangelen ingen ende ville ta, så eg droppa det, og gjekk skuffa til sengs-

men det gler meg at de har skværa opp, og at du syns det var dumt at eg gjekk, øyla. d var fint sagt.

Øystein sa...

Takk for svar. Eg kjem tilbake med meir, kanskje i morgon. No berre dette: Eg hugsar òg at eg tenkte i kampens hete, at du burde "take sides", kva heiter det på norsk, gi oss ditt syn på kven som hadde gjort kva gale. Opplagt hadde me begge gjort gale, men var ikkje i stand til å retta blikket andre stader enn rett fram, nett då.

No i ettertid er eg meir usikker på kva det ville ha ført til om du f.eks. hadde sagt: "Eg syns det var unødvendig av deg Øystein å øydelegga for dei andre spelarane", og "Eg syns ikkje det var naudsynt av deg å verta så sint, Hallvard". Mest trur eg vel det ville vore positivt å ha ein slik konfliktrådgjevar som ikkje var redd for å markere sine standpunkt. Om så berre for at kamphanane slapp å høyre på kvarandrers stemmer for ei stund.

Kva tykkjer de andre om det?

P.s. Om ein kan kalla ei konflikt som oppstår for egoistisk, veit eg ikkje, me hadde jo ikkje akkurat planlagt å fly i tottane på kvarandre. Men mogelegheita for ein latterkveld var nok uansett spolert i augneblinken konflikta var eit faktum. Om meklaren hadde vore til stades eller ikkje.

Ein annan måte å sjå det på, kan vera; ein lattermild kveld saman hadde vore fint, men me har då mange av dei, og ingen av dei sit lagra i hjernebarken slik Carcasonne-konflikt-kvelden gjer det. Ei konflikt som eg har lært av, ei erfaring, noko eg ikkje kjem til å gløyme. På både godt og vondt. La det vera sagt: Eg trur ikkje på å gå gjennom livet uten å havna i konfliktar med menneske. Ein veks på dei, og ein lærer å stå for noko. Men her vert eg vel motsagt.

Hallvard sa...

Eg nyttar dette hövet til både å svara på mail frå Öystein og innlegg.

Öystein: Noko av det som förte til den store konflikta, trur eg var at eg aldri fekk inntrykk av at du var såra. Det som skjedde var jo at du vart meir irritert over den vidare diskusjonen min, enn sjölve utbrotet. Hadde du sagt ifrå om dette, hadde nok min vidare reaksjon vorte ein heilt annan. For eg hadde ärleg talt aldri ant at dette enno var noko du tenkte på, för eg fekk mailen om orsaking ifrå deg. Eg hadde på ein måte berre rasa ifrå meg og vorte ferdig med det. Hadde eg visst at du var såra over det eg sa, ville eg ikkje ha sagt det eg irriterte meg over i situasjonen, heller.

Kanskje nett dèt hadde gått lettare viss Monika var til stades.

Personlegdomskonflikt veit eg det var, men eg klarer ikkje gå noko meir i djupna av det. Det er godt mogleg det er som du seier, at me rett og slett er for like, eller tilbringer mykje tid ilag. Er fullt klar over at eg sjölv er sta.

Men: eg er einig med det du skriv etter P.S.-et! Sosiale samanhengar er ikkje berre koselege Scrabble-kveldar på hytta. Ein må gå gjennom litt ting òg. Eg bör kanskje setja meir pris på den beskytta oppveksten min enn eg gjer, men ofte kjenner eg meg FOR verna. Det er dei uvante situasjonane ein lärer av. Og det eg har lärt av dette, er at ein skal vera forsiktig med sinnet sitt. Det er stor makt i tunga, som Bibelen er svärt klar på.

Hallvard sa...

Eller sagt på ein annan måte, ein skal ha god grunn til å verta sint.

Monika sa...

eg meinar ikkje at ein bra kveld er synonymt med å le og ha det morro alltid! sjølvsagt ikkje. dei kveldane eg set størst pris på, er dei som inneheld eit mangfald av fleire faktorar. både humor, alvor, diskusjon og andelege ting.

men eg har svært vanskeleg for å forstå poenget med ein krangel! eg tykkjer det er bortkasta og øydeleggjande. dersom de hadde teke opp emnet i diskusjonsform, hadde eg nok ikkje gått ut så fort som eg gjorde.

seine nattetimar med brørne mine på lofthus, er både gode minne eg ser gledelig tilbake på, og stunder eg gler meg til i framtida. men mi forventing til slike stunder, er ikkje foreineleg med sinne. sinne skuffar meg, sidan det finst andre måtar å koma seg gjennom ueinighetar på. difor gjekk eg. sidan forventingane mine ikkje slo til. eller iallefall fekk ein brå slutt.

men eg jobbar med saken. sinne er mi største utfordring som sosialarbeidar. eg kan gjerne høyre på både gråt og klage. men folk som er sinna likar eg ikkje å komunisera med.

men det beste med heile denne saka, er at de har lært noko av denne prosessen, og det er svært gledeleg...