torsdag, januar 05, 2006

kurtamarillteodorfillifjongsabbedussengelsenjosefin :)

...var ei strofe som datt ned i hovudet mitt på jobben i dag, midt i min alvorlege sakshandsamande kvardag på sosialkontoret i førde---

men interessant debbatt, brør! eg for min del ser på høflegheit (heiter det det på nynorsk??) som eit særs viktig middel mot mål som; "å kjøpa den laglege tid", vandra i visdom med menneske, vera eit godt medmenneske...
det handlar ikkje om å vera uekte, men å vera ein god kommunikator.

i den gode samtalen er det fleire moment. og ein lyt ofte byrje med høflegheit og vennlegheit, gjerne om tema som ikkje interesserer ein, for å oppnå eit bra resultat. det handlar om å gi, møtast på halvvegen, leva seg inn i korleis den andre tenkjer, setja den andre sine behov framfor sine eigne.

då må ein kanskje ta nokre rundar med "blomane" og "foglane", eller anna, av rein høflegheit, for i neste omgang å kunna hausta fruktene av det!! :)

10 kommentarer:

Øystein sa...

Einig i det meste. Men eg kjem stadig tilbake til at det å vera høfleg ikkje er eit karaktertrekk som comes to mind når eg tenkjer på Jesus.

I møte med dei religiøse leiarane var han svært konfronterande; kalte dei skjellord og fortalde dei rett ut kva han meinte om dei religiøse skikkane deira. I møte med den samaritanske kvinna (ei heilt ukjend kvinne som han møtte for fyrste gong) påpeikte han utruskapen hennar. I møte med ein rik mann, ba han han gi alt han eigde til dei fattige. I møte med den kanaaneiske kvinna, ville han ikkje hjelpa henne med grunngjevinga "det er ikkje fint å ta brødet frå borna og kasta det til småhundane". The list goes on.

Eg trur det eg vil fram til er: Mannen som vert rekna for den beste kommunikatoren som har levt, var ein usedvanleg uhøfleg mann.

Monika sa...

da va no å dra da litt vel langt vil eg hevda. grunnen til at Jesus utfordra dei folka du nevner, og til dels refsa nokre av dei, var vel fordi det var det som var det riktige i den og den situasjonen. fordi det på sikt ville føra til det beste resultatet.

hadde me hatt den profetiske innsikta som Jesus hadde, kunne me nok i mange samanhengar brukt andre framgangsmåtar for å koma fram til det bestemte målet.

Jesus er både mild og streng i møte med menneske. men han ville aldri skjelt ut ein person, som ikkje kunne tåla det!

eg meiner høflighet er eit bra middel, for å nå eit mål å koma inn på ein person.

Øystein sa...

Det har du nok rett i. Her er me òg inne på tanken om at målet helgar midlet.

Elles vil eg påpeika at det aldri har vore snakk om at den evt. minskande høflegheita skulle verta erstatta med utskjelling. Slik eg forsto Hallvard, var hans oppfatning til ein viss grad lik Alf-Magne (the silent partner) sine (tidlegare?) tankar om å vera formell. Ein vert så redd for å såra nokon (o.l.), at ein aldri torer å seia nokon eit sant ord. Det er ikkje snakk om å vera slem, men sann. Ein ven er ein som torer å seia i frå, er det ikkje slik?

Monika sa...

jojo. men alt kjeme jo an på settingen og folkene og ka relasjon dei ha og sånn.

men eg e visst altfor trøtt te å skriva meir no...natta :)

Hallvard sa...

Hmmm... Svevande personlegdom, faktisk! Eg tek det som ein kompliment.

De har drege fram mange gode moment om emnet. Imidlertid var mi opphavlege årsak for å ta eit oppgjerd med høflegdommen(?) at han hindrar folk i å koma innpå meg, samt det Øystein nemnte om AMs tankar. For på DTS-en er eg av og til så høfleg at folk ikkje kjem innpå meg skikkeleg. Eg gjev turistinformasjonen noko av skulda.

Monika sa...

kommunikasjon må ve eit av mine favorittema. detta e kjempeinteressant!!

eg e einig i at høflegdom og formalitetar ofta kan hindra folk i å koma inn på einannan, og det er sjølvsagt trist. men eg vel likavel å hevda at da e mogeleg å bruka desse tinga på ein god måte. nemleg som innleiing til ein god samtale.

høfleg smalltalk kan i mange samanhengar fungera som ein døråpnar for å få folk til å senka skuldrene og slappa meir av. Men dersom ein blir på dette første stadiet av høflegdom, uten å villa eller ha mot til å gå djupare, vil det nesten alltid føra til ei distansering frå det andre mennesket. Høflegdom kan vera eit bra virkemiddel for å setja ned foten om at ein ikkje ynskjer at den andre skal koma lenger inn i si eiga "sfære"

Når det gjeld DTS-en, meiner eg det handlar vel så mykje om ulike kulturar og personlegdomar at kommunikasjonen blir verande på eit høfleg stadie. God kommunikasjon oppstår i gode og trygge relasjonar, og dei tek tid å utvikla! det er ikkje gjort på eit blunk. Det krev at begge er villige til å gi av seg sjølv, ikkje berre venta at den andre skal gjera det.

Dessutan når ein flyttar inn på ein DTS har alle med seg eit sett av gode og dårlege erfaringar frå ting dei har opplevd tidlegare. Alle er ulike, og det er ikkje lika lett å læra kvarandre å kjenna....

osv osv....

Hallvard sa...

Så kult å diskutera med deg for ein gongs skuld! Du har ikkje pleid å vera villeg til det om andre tema. Dette er kjekt.
Du nemnar faktisk å bruka høflegdom som eit våpen! Heh! Det har eg verkeleg ikkje tenkt på, men det går jo absolutt an. Ikkje dumt, kanskje særleg i ditt yrke. Men det er jo lett å verta kommunikasjonsmessig hyklarsk òg.
Du forstår problemet særs godt! Særleg med roomien min trur eg me er litt for høflege ofte, og kjem ikkje noko særleg innpå kvarandre.
Du har nok rett i det du seier om ulike kulturar. Eg trur dessutan at det er annleis å verta kjende med folk på ein DTS enn på Framnes, der eg tykte det var lett å få seg vener.
Eg høyrte ein gong påstanden om at gutar ikkje likar berre å prata med kvarandre, men meir å gjera ting i lag, og kjenner meg litt att i dette. På Framnes GJORDE me fleire ting i lag enn me gjer her, (det går mykje i henging,) og me brukte jo tre gonger så lang tid i lag. Og sidan eg ikkje nett ser meg sjølv som ein av dei mest erfarne kommunikatorane, gjer det det vanskelegare å verta kjend med folk her. Trur eg.

Smalltalk er eg god på, det er berre at han har ein tendens til å verta varig. Det rare er: det ser ikkje ut til å gjelda Via Vitae (eg var på korøving i helga)! Kor-fellesskap er noko spesielt.

Monika sa...

interessant det du seier om via vitae. meiner du at smalltalken ikkje vert varig der? at de lett går vidare til djupare samtaleemne? antakeleg er det fordi dette er ein relasjon de kjenner dykk trygge i. men kvifor? har de fleire ting til felles? for også dette er vel og eit fellesskap av ulike personlegdomar og kulturar... kanskje ikkje i så utbreidd grad som ein dts men...

dtsen skil seg ein del ut frå andre fellesskap, fordi de som går der ikkje berre kjem frå ulike kantar av landet, men og verda!

også dette med framnes finn eg interessant. meiner du at det var lett å få seg venner på framnes heilt frå dag ein? eller er det berre no i ettertid du ser på det som lett, sidan du no på ein måte er begynt på nytt att i relasjonssamanheng?

at mange gutar likar å gjera ting i lag, framfor prating er nok eit kjent fenomen. dette har eg however ikkje så mykje innsikt i, av naturlege årsakar...

kommunikasjon handlar litt om orda sendaren ytrar, men vel så mykje om tolking, oppfatting, erfaring, haldningar, formidling, kroppsspråk, ansiktsuttrykk, innlevelse...osv. så eg trur at gutar, ved å gjera ting ilag, kommuniserer på fleire nivå, enn to-manns-samtalen...

ein ting me ikkje kjem utanom når me snakkar om kommunikasjon er roller. kva rolle tek ein i dei ulike settingane? og her trur eg nøkkelen til kormiljøtryggleiken kanskje kan ligga. der er du: hallvard, tenor, humorist, osv. for ikkje å gløyma det faktum at alle i miljøet har ofra noko for å koma på korhelga. dei har forventningar til at dei trur helga blir bra, og er innstilt på å gjera sitt for at den blir akkurat det. dei ventar ikkje at nokon skal dra igang eit show liksom.

dette trur eg og er grunnen til at me ler så bra i lag, heime på lofthus med familien. for alle glir inn i rolla si som familiemedlem, utan nokon prestasjon. me er oss sjølve, og er trygge i det. då kan kommentarane flyta fritt...

på dtsen er kanskje ikkje rolla di satt heilt enno? du er hallvard, ein blid vestlending. men du er ein av mange...ikkje det at det ikkje er nok å vera seg sjølv, men det tek tid å kvila i at det er nok at du er deg sjølv. og at hallvardrolla er ei veldig bra rolle å fylla!!

Hallvard sa...

I ViaVitae er eg Hallvard, fyrste-bass og humorist, thankjuverrimuch! =)
Men, jau, det har nok med settinga å gjera. Eg har kjensla av at her på basen driv me mykje med regelrett henging - ein må prata ilag ved middagsbordet, prata ilag under praktisk arbeid... I ViaVitae er me såpass närt samanknytte at me berre gjer ting i lag, og pratar om laust og fast utan vidare. No i helga såg me film, spelte Munchkin og drakk kaffi i lag, kanskje fordi me alle fyller våre eigne roller, ja. Det vert unaturleg å gjera slike ting med folk ein ikkje er trygg på.

Det er vanskeleg å setja fingeren på skilnaden mellom DTS og Framnes, men berre nostalgi er det nok ikkje. Eg gjer eit forsök, men må kanskje omformulera dette seinare.
Ting skjedde ikkje frå dag 1 der, men på Framnes trong me ikkje ta initiativ sjölve for å verta betre kjende, det hende naturleg i skulesamanheng, prosjektarbeid og internatliv. Eg trur derimot det kan vera mogleg å gå gjennom ein DTS utan at nokon heilt kjenner deg, iallfall fram til Outreach. Men dette vert endå ein ny sosial setting. Uansett, på ein DTS er det mindre forhold, og ikkje så mykje forskjellig ein kan gjera i lag, på basen i alle höve.

Ein annan ting eg kjem på med Framnes er at på den tida hadde eg nok lågare krav til kommunikasjon enn eg har no, grunna liten omgangskrets. Difor verka kvar ven större i seg sjölv enn han gjer her.

Det er nok mykje sant i det du seier. Det er når ein er seg sjölv at ein slappar mest av, og det er nett då det er kjekkast å lytta til deg. Latterleg enkelt. Kommunikasjon må vera det mest avslappande og styrkande som finst, i dei rette formene!


Roller som passar saman, og Gud såg at det var godt.

Hallvard sa...

Takk for komplimenten, forresten! Eg skal skriva han på panna og hengja han på dörstokken.