søndag, april 06, 2008

Øystein gjer ting han ikkje kan

Eg er ikkje akkurat nokon komponist. Eg høyrer ikkje eingong ofte på musikk, i forhold til fleire eg kjenner. I dag, til dømes, ein heilt normal laurdag, har eg ikkje høyrt ein tone. Ikkje på radio, ikkje på tv, ikkje... jau, det er sant, eg høyrte på Åpen Post sin parodiske Etno Music (søk på dette i youtube) på mobilen. Men det er vel berre så vidt det passerer som musikk.

Men uansett, korleis det no har seg, stundom dukkar det opp nokre melodiar i hovudet mitt ( slik som denne, som eg la ut på hovudsaker for ei tid tilbake). Dei høyrest ofte ganske flotte ut når dei dukkar opp, og når eg så skal omsettje det til eit verdslig instrument blir resultatet som regel ganske ofseleg. Men sidan eg har høge ambisjonar når eg skrir til verket hender det ikkje sjeldan at eg har filma meg sjølv medan eg speler desse komposisjonane. Resultatet er at eg har nokre filmklipp av min eigen stakkarslege musikalske produksjon liggjande i skuffen. No har eg - mot betre vitande - bestemt meg for at ein utvald skare av Lufthus-lesarar skal få høyra det. Som del av eit prosjekt som går ut på å ta seg sjølv mindre høgtideleg. Eg kjem sikkert til å angra seinare, men det får våga seg. No har eg bygt opp spaninga, men det er ikkje snakk om noko spesielt morosamt eller spesielt virtuos framføring.

Vel, kanskje er noko av det litt morosamt. Det var i alle fall morosamt då eg og bror min tok opp ein komposisjon eg lagde då eg var 10 år gamal, 12 år seinare. Den hadde den geniale teksten "hysj, din vesle parykk", som gjekk om att og om att.


Men ikkje berre eigne komposisjonar har eg videoopptak av, også eit par klipp der eg speler instrument eg eigentleg ikkje kan særleg godt. Likefullt, ei minneverdig oppleving var det då eg sommaren 2005 fekk prøva kyrkjeorgelet i Tysnes kyrkje.


Sidan eg likar så godt kyrkjeorgel-lyden kjøpte eg meg i fjor likså godt eit eige orgel, som eg kan få til å høyra ut som eit kyrkjeorgel. Ikkje heilt det same, og eg saknar eit ekte piano (dvs. ikkje digitalt) å spela på, men dog. Det er eit fascinerande lite stykke ingeniør-kunst (viss det då er ingeniørarar som har laga det, eg veit ikkje, men ingeniørar pleier å vera greie å skulda på, sidan ingen er heilt sikre på kva dei gjer for noko rart). Og det inspirerer ein, som bror min nyleg påpeikte, til å spela annleis enn det eit piano inviterer til. Bobby Timmon's Moanin' høyrer uendeleg mykje kulare ut på eit orgel enn på eit piano.

Her er ein (bit av ein) merkeleg song som dukka opp bak pannebrasken med tekst inklkuderti fjor haust. Den inneheldt orda "you are my guiding star", så det er tittelen. Men resten av teksten held eg for meg sjølv.


Her er eit fragment av ein annan, orientalsk-inspirert låt som dukka opp på grunn av ein merkeleg funksjon på orgelet.


Elles har eg lasta opp dennee dør-knirke-musikken før, men den høyrer med her, syns eg.

Til sist; forrige veke kjøpte eg meg ei Blikkfløyte. Eg har alltid likt fløytemusikk, og har mistenkt at det skuldast mamma sitt fløytespel då eg var svært liten. I alle fall, her er ein irsk låt frå 1600-talet, og den einaste eg kan. Det er vanskeleg å spela raske songar, så foreløpig speler eg berre sakte, såkalla "airs". Beklager det dårlege videoopptaket.

3 kommentarer:

Monika sa...

Slett ikkje verst. morsomme klipp! Du e meg ein forunderleg og koseleg bror!:) Kva blir det neste?

Hallvard sa...

Heey! Dette innlegget likte eg.
Om komponisten i deg ikkje er så stor, så kjem han absolutt til sin rett! You are my guiding star kan absolutt ha ei framtid, meiner eg. Han har ein sånn seig, kul reggae-rytme men samtidig klangane frå japanske nintendo-spel.

Og eg likte ein pussig detalj ved film nummer fire: Med leseljoset over alle bøkene på orgelpulten ser det ut som du sit i det vesle komposisjonskammerset ditt og speler for deg sjølv. Eit slikt komposisjonskammers kunne eg ynskt meg!

Elles er eg imponert over kjøpet av blikkfløyte og ser fram til å høyra meir frå den, av reint egoistiske grunnar. 'Gje meg handa di, ven' er ein irsk air, altså?

Hallvard sa...

Forresten: Du vil kanskje ikkje lika denne songen sidan blikkfløyta her vert "øydelagd" av gitar, song, bass og banjo. Men kan du læra deg Vamps eine landeplage Tir 'na noir på blikkfløyte, er eg avundsjuk! For songen er fin.
http://www.youtube.com/watch?v=XzcORqLFsZw
(Beklagar forresten dei ååå, så klisjefylte bakgrunnsbileta.)