For å setja eit punktum ved namnedebatten, har eg no redigert innlegget mitt ein smule. For du har jo rett, Monika - er ein klar over kvar namnet Lid kjem frå, er det eit absolutt like viktig namn å ta vare på som Opedal. Og det er jo mellomnamn eg vil skaffa meg, ikkje eit heilt namnebyte.
I går hadde eg ei oppleving av å endeleg få sett fingeren på noko som lenge har vore eit vagt, uargumenterbart prinsipp i hovudet mitt.
Noreg er på fleire måtar eit depressivt land å leva i for oss konservative, passeleg miljøbevisste kristne hardingar. Det er mykje det stendig går ad undas med her i landet. Dialektane sig sakte, men sikkert i grus. Me har opplevd ei kyrkjelydsskilsmisse og to. Det vert stadig varmare vintrar og underlegare vêr; ingen veit heilt kvifor. Dei kristne er splitta, og talet på dei i Noreg har vore på veg nedover sidan åttitalet. Folk vert latare, tjukkare og har ikkje behov for Gud. Fråflyttinga aukar, og med byane kjem forureininga.
Og så vidare. Dette er konklusjonar det er lett å lesa seg til med litt statistikk og nøytrale aviser. Noreg som heilskap er i endring, og mykje ved denne endringa er ikkje godt nytt.
Men den trassige sida i meg nektar å la seg kua av deprimerande statistikk om norske skrivekunnskapar. For eg vil ikkje gløyma motkulturane!
I går, etter ei ganske strabasiøs ferd med ein motvillig koffert, fekk eg kvila meg litt hjå min faste vert Anne Brit, Normisjonarbeidaren i Bodø. Det er noko underleg med denne bustaden. Eg slappar alltid godt av der, og er freista til å kvila middag kvar gong eg er innom. Ho fortalde om Impuls, ungdomsarrangementet til Imikirken i Stavanger. Kor det har vokse dei siste åra! Det byrja med Impuls i Stavanger, heldt fram med Impuls i Trondheim, deretter kom Studentimpuls i Oslo, og no planleggjer dei to Impuls-helger i Bergen og Tromsø.
Det hadde gått meg hus forbi. Eg har vore litt for oppteken med kor fælt det er å vera kristen her i landet.
For å ta eit anna døme: aukt global oppvarming. Det er aukt global oppverming som er problemet. Jordkloten er faktisk heilt avhengig av drivhuseffekten for å ikkje frysa folk i hel, men folk får jo heitetokter av berre ordet. Aftenposten.no har ein ganske ofte brukt link som heiter "Se hvor fort polene smelter!" Greitt nok, men kva skal me så gjera med den tileigna kunnskapen vår? Prøva å rekna ut kor lenge me har att?
Ja, det vert varmare og varmare her i verda. Men eg trur ikkje me lett kan vera ein motkultur, viss me ikkje aktivt oppsøkjer og jaktar etter motkulturane.
Eg seier ikkje at "ignorance is bliss." Men når temperaturen i verda generelt er på hell og bror vender seg frå bror, kan me ikkje gløyma å leita etter dagar som denne!
torsdag, april 03, 2008
Ikkje gløym motkulturane!
Lagt inn av
Hallvard
kl.
22:55
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
i sanning ein fantastisk dag da dar hallvard! og no tenkje eg at eg ska laga eit lite innlegg med bilder frå påsken eg og! ja da ska eg :)
viktig å ta vare på dei gode øyeblikkene og gode minna..hadde ein debatt her ein dag om privat flyforbruket. for da har jo vore mykje snakk om at me må fly mindre, med tanke på klilma, CO2-utslepp, global oppvarming og sånn. Så eg burde vel eigentleg slutta å fly, selga bilen, flytta inn i ein liten hybel med låg straum, osv, men då hadde da gått ut øve livskvaliteten min igjen...viss eg måtte slutta å reisa på besøk te familie og venner,og heller ikkje kunne ta imot besøk, hadde eg blitt ei trist, trist jenta.
sjølvsagt viktig å tenka på miljøet og alt da der, men me får gjera nokon grep alle sammen, og ta ansvar for eige liv og forbruk...og ikkje la alt engasjementet da gå på bekostning av dei gode dagane
så klok du e, Monika! ja, eg blir jo snart tretti... ;)
Dette var eit vanskeleg innlegg å kommentera. Eit vanskeleg tema. Eg får litt sånn protest-festivalen-assosiasjonar? på ein god måte, altså. Det er ein festival som slepper til alle røyster, med allslags rare synspunkt. Det seier kanskje litt om samfunnet vårt at det er grobotn for ein slik festival, elles i samfunnet er det ikkje plass til desse røystene. Slike som til dømes ikkje trur noko på "klimahysteriet", eller trur at 11. september var orkestrert av George Bush himself. I påsken høyrte eg forresten om ein navngitt person på lofthus som meiner at Gog i johannes openberring eigentleg skal bety "George"! Det var ein festleg konspirasjonsteori. I løpet av året skal angiveleg Georg gå til åtak på Israel. Men nok om det. Det er folk med slike odde meiningar eg tenkjer på når eg høyrer ordet motkultur. Men det kanskje ikkje den slags motkulturar du siktar til?
Gode tankar, Monikjo! Og takk for nødig trengde påskebilete. =)
Hehe, vel. Motkultur er kanskje eit breitt omgrep, Øystein. Men det eg tenkjer på er at når hovudtrenden i samfunnet er på veg ut med mange ting, med kristenliv som kultur, kan ein ikkje alltid berre sjå på hovudtrenden, men òg på motkulturane. Dei sterke, små lommene av kristne som enno finst, eller dialekthardhausane i Sogn eller Møre og Romsdal. Vintrane som enno er. Altså positive motkulturar. Eg snakkar om å ta blikket vekk frå det store biletet og stundom retta det mot samfunnets små opprørarar! Dei som ikkje bryr seg. Dei konservative i eit venstrevridd samfunn. Ja, du skjønar teikninga.
Eg trur det er det som må til for at me sjølve kan vera ein motkultur, særleg då som kristne. Ser eg for mykje på det store biletet, vert eg lett litt motfallen av noko som kanskje er eit vrengjebilete? Me ser dei store trendane i media, men ikkje dei små, viktige ljospunkta.
Breitt prinsipp, dette, så eg skjønar det er vanskeleg å kommentera. Men eg likte det du sa om ei positiv protestfestivalkjensle!
Legg inn en kommentar