måndag, april 28, 2008

Wild Africa

Eg veit ikkje kva forhold folk har til naturdokumentarar, men denne må de unna dykk å sjå viss de har tid. Ein naturdokumentar frå Afrika der livet vrimlar i alle variantar. Om ikkje for bildene sin del, så sjå han pga. musikken. Den er laga av ein Cristopher Gunning (eit nytt bekjentskap for meg), som visst også har laga ein del musikk til dei nye poirot-episodane. Høyr spesielt på det fantastiske kor-temaet som går igjen fleire gonger i løpet av dokumentaren (kan høyrast til dømes i fyrste del under, frå 04:05 - 04:18). Nokon har vore greie nok å leggja ut dokumentaren i fem delar på Youtube. Det vart også utgitt ein lydspor-CD med musikken, men den er typisk nok ikkje å få tak i nokon av nettbutikkane eg har sjekka. Den står i alle fall høgt oppe på ynskjelista, viss nokon finn han.



Del 1
Del 2
Del 3
Del 4
Del 5

Oppdatering: Beklager min uvitenhet. Gunning er tydelegvis mannen bak sjølvaste Poirot-temaet frå slutten av 80-talet. "There were a lot of considerations regarding the music - it had to be "continental", witty, and also somehow reflect the period, while being dark and slightly sinister". (henta frå eit lengre intervju, som kan lesast her). Men han laga også musikken til dei nyare episodane, og slutta ikkje før i 2004.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Christopher Gunning kjenner eg til! I mine verste musikk-geekdagar på ungdomsskulen fann eg ut at det er han som står bak Poirot-temaet. Elles veit eg fint lite om han. Men eg skal sjå filmen når eg får tid!

Anonym sa...

Please host the Wild Africa cover image in Blogger space instead of hotlink directly to our website. Thanks for your cooperation.