laurdag, april 05, 2008

o lukkelege familiepåske :)

Så var påsken unnagjort for denne gongen, -og ein verkeleg kjekk påske vart det!!


vetla prinsesso aokan! :)

Hallvard hadde med seg kjæresten sin, Triin heim, som viste seg å vere ei særs triveleg jente! På grunn av henne vart engelskkunnskapane våre sterkt utfordra i påska...


Ein av mine største bragder denne påsken, var å lokka med meg samtlege brør, pluss Triin, til skitur på Seljestad! Etter særs mykje om og men, kom me oss av gårde, med kaffi, sjokolade, nista og blodappelsiner i sekken, og fekk ein vakker tur, på påskens finaste dag!

Eg må berre ha med dette bildet, sjølv om Hallvard var ein liten smule uheldig her...men han e så fotogen til vanlig, så han bør tåla det!;) Men her er me iallefall kome til matpausen -og alf magne e tøffare enn toget i solbrillene sine!! ;)

Triin var ein liten smule skeptisk til skitur i lag med oss, men eg vil tru at ho raskt vart beroliga på at skiferdighetane våre er av ytterst lite profesjonell art.. (Ingen sammenligning forøvring, for Øystein, som er heilt tilfeldig valgt med-motiv på dette bildet!!)Alf Magne kan vel seiast å vera eit nivå over oss andre då..rett skal vera rett.

Øystein fann roen!

Pappa kom med ideen om å ta eit familiebilde, sidan me var samla heile gjengen for ein gongs skuld.. personleg er bildet over min favoritt!!

...vakker oppstilt familie, i rosa sofa!

3 kommentarer:

Øystein sa...

Fine bilder! Eg e litt usikker på om du kan ta æren fø at alle blei med på turen, men. I mitt sinn var det eg som var den utløysande faktoren! Kremt. Nei, då. Men å jakta etter ære er jo tomhet, for å kombinera forkynnaren og paulus. Kanskje alle må få litt credit for at turen blei så vellukka og at han blei noko av i utgangspunktet. Det er litt synd på Hallvard som fyrst må tapa ansikt (no pun intended) i eit innlegg av MOnika, og snart må tapa ansikt i eit innlegg av meg! Neidå, eg syns egentlig ikkje du gjer ein dårleg figur. Følg med, følg med.

Det store problemet er kva blogg eg skal publisera filmane på. Hovudsaker er jo eit alternativ, men det er liksom ein litt meir seriøs blogg, dette er litt meir sånn for familiens auger. Også er dei litt pinlege (type: øystein syng og speler instrument han ikkje kan). Så det blir familiekompaniet eller lufthus.

Hallvard sa...

Vel, eg tykkjer Lufthus er eit betre alternativ enn både Familiekompaniet og Hovudsaker for pinsla sin del. Så alt tilgjeve. Målet rettferdiggjorde midla denne gongen.

Eg vil ha ære, forresten! =P For eg vil påstå Monika skjer alle over éin kam når ho seier Alf Magne er eitt nivå over "oss andre". Eg suste då LANGT forbi dykk begge i nedoverbakkane utan fall, sjølv om eg ikkje tok att eldstebroren! =D

Så det så. Men eg har ingenting imot lite fotogene stillbilete av meg sjølv.
Takk for ei svært god påske!

Monika sa...

Hehe :) jasså de! mykje ærejakt det var her då. må innrømma eg ikkje granska deg så nøye i løypa denne gongen hallvard. Er berre det at påska med mampap, deg og sam-teodor på viveli gjorde eit usletteleg inntrykk på meg. Og minnet som oftast kjem att, er pappa som skrid majestetisk framover på ski, medan eg og du kappast om å detta leande i kvar vår nedoverbakke! ;) du har sikkert blitt svinaktig god på ski!

når det gjeld di æresjakt øystein, så kan du berre igrunnen leva i den trua at du var den utløysande faktoren;) eg meiner det var eg.hehe. kanskje det er eg og du ilag som er eit uslåeleg team!!