torsdag, januar 10, 2008

I ei verd

Det er lett å bli fanga i si eiga vesle verd, syns eg. Når eg berre skriv på masteroppgåva verkar alle andre verder framande. Har de merka noko av det same?

5 kommentarer:

Monika sa...

minne meg om tide eg hang på lesesalen på biblioteket på høyden, medan eg studerte psykologi....kanskje ikkje heilt sånn verd du tenkjer på ø, men når du skreiv detta kom eg på kor vanvittig filosofisk eg var i den perioden!! såg liksom alt i eit overordna perspektiv, og det var akkurat som eg forstod kvifor folk og ikkje minst verda var som den var... svevde gjennom tilværelsen på ein måte, og såg alt gjennom filosofiske briller...hm!

Øystein sa...

Ja, stemmer det. Kanskje det var bøkene du las som gjorde at du forstod nye ting om omverda? Eg meiner, på den måten at det går an å ha ei filosofisk innstilling til verda også etter studiene. Håpar eg.

Monika sa...

var nok ein del bøkene, men mykje stemninga og settingen, trur eg. vart heilt oppslukt av å sitta på lesesalen, sjå på,og vurdera folkene, for så å laga historiar om dei...

hadde vel og ein god del å gjera med faga eg leste og då. psykologi og sosiologi og litt filosofi... fag som prøver å forklare verda og folka. me hadde til dømes ei bok som heitte "samfunnet i mennesket og mennesket i samfunnet", eller noko sånt. som gjekk på litt sånn høna og egget tanke. kven formar kven, og på kva måte.

hm! no fekk eg lyst å studera igjen!

det går nok an å ha ei folosofisk innstilling etter studia og, ja. men for min del går d litt i rykk og napp. viss eg ha lest ei god bok eller sett ein bra film, kan eg bli veldig filosofisk.. går ikkje rundt og er sånn på d jamne liksom.

Øystein sa...

Det med stemninga og settingen kan eg forstå. Det er ofte lettare for meg å komma inn i ein leserytme eller studierytme blant alle dei andre studentane på Universitetsbiblioteket. Til forskjell frå mutters åleine på lesesalen oppe på Nattland Studentby, som eg elles ofte sit. Forskjellen kan enkelte dagar vera så stor at eg ofrar dei 2 timane i reiseveg berre for å suga inn konsentrasjonen som er innebygd i bibliotekets veggar.

Hallvard sa...

Min kommentar til dette må vel nødvendigvis bli litt pussig, sidan eg til no ikkje har vore student. Men eg er einig.

Ein av mine strebenar i livet er å bli meir utadvendt og snakka med fleire, sjølv om eg av personlegdom er innadvendt. Særleg når eg hamnar i slike innadvendte periodar der eg ikkje klarar å snakka med så mange andre, men berre konsentrerer meg om å takla min eigen kvardag.. Då er eg i mi eiga verd.