Den engelske Postmann Pat-landsbygda finst enno! Her er den koselege pubben The Old Cow der etablerte menn hadde peisen gåande inne, spelte dart og heia på Queens Park Rangers med servering av diverse øl.
Veret var mildt, nokre dagar heilt oppe i 15 varmegrader. Det var grønt i graset og mykje fuglekvitring. Dette biletet er frå UiO-basen Harpenden, der me heldt til.
Her er Kasper, ein av dei seks trivelege SoE-studentane og gamal Framnesing!
laurdag, januar 26, 2008
I England, på undervisning med Skien SoE.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
15:00
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Sære tilhøve!
15 varmegrader e jo over respektabel juli-temperatur her i Bergen. Kontrasten til dagens skitur må vera til stades?
Når det gjeld puben, så var det altså 50-år gamle menn som var klientellet? Og som dreiv han? Kor var dei unge og damene? Pussig, pussig, sier jeg dere.
england ja. eg har vore ein gong i england, for lenge sidan. korpstur i 9.klasse. men eg hugsaar at eg hadde ei god kjensle då eg kom heim att. at england kunne eg tenka meg å reisa tilbake til! litt sånn koseleg særegen plass. var i york me var då. sikkert annleis viss ein reiser til london feks. men york var fint! der trur eg du og hadde likt deg øystein!
men kva var di england-kjensle hallvard?
Njææ, The Red Cow var meir ein pub for gamle menn, liksom! Når eg var inne i han fekk eg litt kjensla av å vera i The Green Dragon i Heradet. (The Shire.)
Majestisk. Det var England. Mykje meir folksomt enn Noreg, og eg tykte det gjekk an å sjå at landet har vore/ er ei stormakt. Meir sving på sakene, liksom. Obligatoriske skuleuniformer, velutvikla trafikksystem, eigne premiss. Stansted er berre ein sideflyplass til London, men er større enn Gardermoen.
Eg likte meg godt, eg òg! Kan godt reisa attende viss eg treng ein byferie.
Men eg trur eg hadde reist ein annan stad for å få fred og ro.
Eg synst du må få deg profilbilete, Monika!
eg og--- men eg syns hoksa at da va litt vanskelig å få da te sist eg prøvde. hmm...
Legg inn en kommentar