onsdag, januar 30, 2008

Eit brev som aldri vart sendt

Ved ein tilfeldigheit fann eg i dag eit brev eg skreiv for eit par år sidan, medan eg rota i mine dataskuffer etter noko heilt anna. Eg fullførte det aldri, og sende det ikkje, men no kan det i alle fall få sjå dagens ljos her. Forhistoria til dette teologiske brevet var at eg hadde hatt Hallvard på besøk, og han hadde fortalt meg om noko dei hadde lært i ein bibeltime som eg reagerte på. Eg skreiv difor dette (ufullstendige) brevet til den bibellæraren som hadde sagt det. Men ikkje visste eg kva han heitte, og neppe hadde han vel svart viss eg hadde sendt det.

"Er det greit å gjera historiske forhold til norm for kva som skal gjelda som bibelsk sanning for kristne? Korleis begrunner du i så fall dette?

Ein høyrer ofte det vert sagt av kristne at "det fins ting i bibelen eg ikkje forstår", og som dei difor har valt å la vera å spekulera noko meir over. Det gjeld t.d. det bibelen seier om kva som skal skilja kjønna frå kvarandre. Men er det sant når ein seier at ein ikkje forstår kva Paulus seier om kjønnsskilnader? Er det ikkje snarare slik at ein forstår det berre så altfor godt, men er ikkje einig i det han seier? Kva gjer ein så når ein vert ueinig; leiter ein etter argument for å gjera Paulus’ ord ugyldige, eller let ein Paulus ord korrigera sin eigen horisont? Eg ser ikkje fleire alternativ enn desse.

Bror min, Hallvard, fortel at du lærer at når Paulus skriv at kvinner ikkje bør tala i forsamlinga, gjeld ikkje det for moderne kristne, fordi denne menigheten hadde spesielle problem med at møtene utarta til sladring og snakk. Det fyrste spørsmålet eg då stiller meg, er kva historiske kjelder du baserer deg på som skildrar denne menighetens spesielle problem med pratsomhet, ut over Paulus. Eller er det Paulus som er kjelda? I såfall, Paulus kan ikkje gjera paulus ugyldig. Eg hevdar òg at øvrige historiske kjelder heller ikkje kan gjera Paulus ugyldig.

For viss det skulle vera slik at ein sto fritt til å avvisa det Paulus seier i kjønnsspørsmål ut frå historiske forhold, korleis kan ein då vita kva som gjeld for oss kristne av det Paulus elles seier i breva sine? Viss det Paulus seier om at me skal gle oss i Herren var skrive til ein menighet som var spesielt prega av tungsinn, betyr det at det bibelverset ikkje gjeld for oss, eller berre for tungsindige moderne menighetar? Du skjønar kor eg vil, eg hevdar at viss ein opnar døra på glytt for at ein kan fritt velja vekk ting ein ikkje er einig i, opnar det for ei klipp-og-lim-haldning til den sanninga ein finn i Bibelen."

1 kommentarer:

Hallvard sa...

Eg hugsar denne diskusjonen!
Men eg trur faktisk fyren hadde svara viss du hadde sendt brevet til han. Han heiter Lars Olav Gjøra, og er ingen C. S. Lewis i namngjetenskap enno. Du finn han m.a. på Facebook.

Men det er ein intellektuell, ung mann. Han har skrive hovudfagsoppgåva si på MF som eit skriv som tek for seg den nye nådesforkynninga til Åge Åleskjær.

Eg trur det viktigaste han ville fram til i DTS-undervisninga vår, var at det som står i Bibelen, tyder det det tydde for dei det vart skrive til. At ein ikkje tek ting ut av samanhengen, for det kan vera farleg.

Når det står "Gled dykk i Herren alltid" tyder det så langt eg veit rett fram å gleda seg i Herren alltid. Paulus skriv jo dette frå fengsel, og det gjer teksten endå sterkare.

Men ta Jakobs brev, t.d. "Ikkje mange av dykk bør verta lærarar, for de veit at vi skal få dess strengare dom." (Jak. 3.1) Bør eg revurdera utdanninga mi pga. dette verset? Eg trur dette må forståast ut ifrå kva det var Jakob meinte med det.