søndag, januar 13, 2008

Brør


Brothers, originally uploaded by Øystein Lid.

Med sjølvutløysar i eit bortgøymt dalstrok innom Ulvik. Ganske morosamt, men i ettertid innser eg at me burde ha testa badevatnet i den forlatte dalen! Eller kanskje det ikkje var varmt nok?

5 kommentarer:

Monika sa...

har høyrt gjetord om denne bortgøymde dalen i ulvik. lurer på kvar eg var, då de var der...

det som er artig m dette bildet, e at begge to har skikklig flat
lugg!

Hallvard sa...

Må seia at eg ikkje har heilt sansen for dette biletet her.. Men turen var kjekk! Eg har sprelske minne frå den skjeggete målaren som ikkje såg ut til å bry seg katten om sin eigen utsjånad.

Dette var juni 2004 ifylgje mitt vesle dataarkiv, Monika, så eg veit ikkje kvar du var. Men eg har iallfall bilete av deg heime på Lofthus frå juli same året.

Hallvard sa...

Men når eg seier eg ikkje likar biletet, er det min eigen sveis og slikt eg tenkjer på. Biletet er jo bra teke.

Anonym sa...

Men lærte du då ingenting av den skjeggete kunstnaren?

Hallvard sa...

Hehehe. Du har eit poeng, kven du no er. Kanskje eg skal gro skjegg sjølv.