Da va i gronnen ein ganske teit allusjon. Men samma kan da ve.
I dag tidlig hadde eg ein skikkelig rar opplevelse!
Du veit følelsen av at du våkne med at hjarta hoppe øve eit slag med eit sjokk av at du ikkje skrudde på vekkarklokko dagen før? Eg hadde dan følelsen i dag tidlig, og eg visste han va sann. Eg hadde ikkje satt straumledningen i gamle Paulus, og da e forutsetninge fø at han ska konna begynna å spela ein playlist klokko åtta om måronane. Ganske praktisk egentlig, fø då begynne han ikkje å spela klokko åtta om måronen viss eg sitte i eit folksomt tog, f.eks. Men nett da va da han hadde gjort i dag. Ikkje spelt, altså. Og da sko han gjort.
Ute va da lyst og øveskya, og eg som sko ha vå nere på basen klokko ni fø å leda lovsong! I tillegg såg eg på mobilen at eg hadde fått ei melding, og gjekk ut ifrå at da va av sinte folk som sporte"hen søren blei da av deg i dag tidlig?!" I hovet førebudde eg tankane på Kanossagangen ned te basen og innrømma at nok ein gong hadde da skjedd. Endå ein gong hadde søvnen brote ordet mitt som ei godt steikt peparkaka. Eg vakje langt unna dan halvprofetiske tanken om at "Detta blir ein dårlig dag."
Så åpna eg meldinge. "Fin tid," stod da. Sendt av Øystein klokko 05.29. "Hø?" tenkte eg, og såg på klokko. 08.01! Ho hadde med andre ord vå på slaget åtta når eg vakna med eit sjokk.
Gamle Paulus stod still og taus i kroken sin.
Men da vatt ein skikkelig god måron. Og lovsong ittepå.
torsdag, mars 01, 2007
Herr Lids fornemmelse for søvn.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
10:51
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
6 kommentarer:
Hehe, utrulig morsomt. Eg håpte nesten enden på historien skulle bli at klokka var 05.30... Men då hadde da sjølvsagt ikkje vore ljost ute. Da e vår! Fyrste mars og vår! Her e da ljost te klokko 18 allereie.
Eg har hatt ei utrulig ør nått. Uten at eg visste da hadde globale oppvarmarar skrudd temperaturen opp til 7 varmegrader. Midt på nåtte! Og eg låg og vrei meg i varmen (for ør te å faktisk gjera noko med da, som å opna vindauga), og halv 6 var eg våken og spelte amerikanar på mobilen. Og prøvde å dra min bror med i dragsuget, men Hallvard er jo berømt for sitt sovehjarta.
Men godt å høyra at meldinga vart ein del av ein fin morgon, sjølv om min morgon var fin i ironisk tyding...
Da E vår! Og forskjellen mydlo sør og nord begynne å utjevna seg. Me ha jaffal ljos te halv seks, meine eg. På vårjamdøger e da vel heilt likt. Va forresten klar øve at meldinge di va ironisk, men ho blei liksom positiv, uansett budskap når da va frå deg og ikkje Nordtun-folk. Litt sånn som dan gongje Ingvild forventa telefon ifrå sjefen, og når telefonen ryngte vurderte ho lenge å ikkje ta han. Men te slutt tok ho han, og høyrte: "Hei, d'e Monika!"
Og eg går ut ifrå at da va ljoset som gjorde at eg vakna òg, sjøl om eg ikkje ser bort ifrå at Gud kan vekkja folk.
Nåke anna som e interessant, e at eg ha slutta med tanken om at ein helst BØR ha stilletid om måronen! Ka e gale med kvelden? Gud e jo fortsatt med, viss han e ein del av livet aokan.
Da ligge ein frihet i detta.
bra hallvard! "stilletid om morgonen-tanken" kan straks bli ein tvangstanke...
straks.
Men eg likar no likevel tanken på å gjera det om morgonen, sjølv om ein ikkje alltid treng å gjera det på den same måten. Det som er gale med kvelden er vel for så vidt at han kjem etter alt som skal skje har hendt. Det baserer seg nok på ein tanke om at ein får noko i bøn og gudssamvær som ein treng i møte med dagens mange situasjonar.
Da e nok sant, da. Måronen e eit godt tidspunkt å ve med Gud på.
Men du hendelse, så mykje loviskheit me av og te bere med oss! ..iallfall eg. Eg va faktisk ikkje så langt unna å tenkja at Gud va lengre ifrå meg i løpet av dagen når eg ikkje va med han om måronen, og liksom "forberedte dagen."
Gud va jo nett lika nærma meg på ungdomsskulen og barneskulen som itte at eg ha lært å ve med Gud om måronen.
Legg inn en kommentar