søndag, mars 18, 2007

denna helge ha eg vore på noko så orginalt som bedehusmøte. både fredag og idag. var marit, frå marit og irene som var der...heltar i visse miljø, men aldri nokon som eg har vurdert å høyra på før...

førsteinntrykket mitt, då eg kom inn på møtet, var at "her var det berre folk med grått hår, jammen".. og; "detta kan bli eit uhyre kjedelig møte"

marit tok fram gitaren og drog eitpar eldgamle trauste songar..og førsteinntrykket stod ved lag..

men då ho byrja å preika!! du verden så bra da va! da gjorde skikkelig inntrykk på meg! eg meine; damo ha vore i bransjen i, eg veit ikkje kor mange år, men preika med ein glød som eg sjelden har sett maken til. og mana til vekkelse, å begynna å be for ufrelste og sjuke i nærmiljøet, starta bønnegrupper, leva som om kvar dag var den siste, vera salt og lys, og så vidare... så folket i salen både snufsa og tørka tårer. var skikkelig sterkt faktisk!

så andreinntrykket mitt vart noko annleis enn det første, kan du sei.

men da undrar meg korleis da e mogeleg å halda gløden heila livet...

2 kommentarer:

Øystein sa...

Du utvidar horisonten? Me er nok stundom for sneversynte mot andre kristne. Men så har dei dårlig musikksmak òg, alle andre kristne kyrkjesamfunn enn det eg til ei kvar tid måtte høyra til. Berre tullar. Eller gjer eg? Me tullar ikkje med kristne songar.

Hallvard sa...

Kult!

Koleis du held gløden heile livet? Tja! Det er noko eg er interessert i å finna ut ved erfaring...

Eg er knakande einig i det å ikkje vera sneversynt... Men eg merkar at med bakgrunn i statskyrkja, andrehandsinnsikt i ein karismatisk kyrkjelyd som miste glansen, og som medlem i ein tverrkyrkjeleg organisasjon har eg enno ikkje funne ein kyrkjelyd eg sjølv kjenner meg fullt og heilt heime i. Men det er nok mange kyrkjer som er som får i ulveklede for våre auge... Så kanskje læstadianarane hadde vore noko? Hehe.