Då har eg visst innteke stillinga som berebjelke att. Men eigentleg har eg ingen problem med det, når eg veit at de ville ha halde liv i bloggen sjølve, om de hadde hatt tid.
Her kjem årets ynskjeliste til jol:
- Ei bukse! Eg treng ei bukse. Denne hausten har eg levd på tre bukser + ei joggebukse. Eg er nokså normal i livet og 1.80, høg, viss de måtte lura.
- Har de sett sånne nett som ein kan vaska undertøy og sokkar inni, i vaskemaskina? Eg anar ikkje kvar dei sel det, men eg er lei av at maskina et sokkar, eller at dei forsvinn i nokon andres vask!
- CD: Maria Solheim - Will There Be Spring.
Anna av Maria Solheim er og kjekt.
- Bibelmappe. Eit slikt svart cover ein kan ha rundt bibelen, og festa eit par pennar eller notatpapir til etc...
- Kortspelet Munchkin! Det finst mange forskjellige utgåver, men kva for ei er ikkje så nøye.
Elles har eg fått med meg kva alle i Familiekompaniet ynskjer seg, men kva med Monikjo?
torsdag, november 23, 2006
Ynskjeliste
Lagt inn av
Hallvard
kl.
13:37
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar