måndag, november 27, 2006

I same slengen vil eg anbefala Tor Håkon Eikens nystarta og så langt svært gode, interessante og oppbyggjelege blogg: http://torhaakons.blogspot.com/

Tor Håkon var altså mannen som fyrst hadde guts nok til å gå i mot ukulturen i leiarskapet, og dermed fekk fram i ljoset det som før hadde vore gøymt i mørke.

2 kommentarer:

Hallvard sa...

Utruleg interessant blogg!
Eg diggar den direkte måten han skriv på, og er einig i det aller meste. Eg oppdagar òg at eg har unngått ein del av problemstillingane ved å ikkje vera del av ein kyrkjelyd over lengre tid bortsett frå Statskyrkja, og difor engasjerer ikkje problemstillingane meg like mykje som andre.
Så, som ein frikyrkjepastor i Nordland sa om Luther: "En god del av det han skriv, e jo rein sinne." =)

Det undrar meg stadig å sjå tilbake. Kvifor valte eg eigentleg DTS, og ikkje LO's bibelskule? Eg var sterkt tilrådd det, men alt eg hadde var eit slags trass mot å gjera som dykk. Eit ynskje om å utvikla meg i eiga retning, som eg no endeleg gjer.
Og så var det møte ifrå Skien DTS som gjorde utslaget til valet. Men det verkar svært tilfeldig når eg no ser tilbake på det.

Var dette Guds leiing vekk frå ein feil kyrkjelyd? Kyrkjelyden er jo ikkje feil, for de har jo alle tre fått mykje godt ut av han. Han har berre utvikla seg i feil retning, og kanskje vorte brukt av det vonde til feil haldningar i folk.

Men eg veit at hadde eg valt bibelskulen, hadde trua mi vore svært forvirra i dag...
Heldigvis trur eg ikkje Gud har éin plan for livet ditt som du kan gå inn i eller ut av med kvart val du gjer. Gud har alltid ein Plan B, som ikkje nødvendigvis er dårlegare. Eg veit ikkje heilt kvar eg vil med dette, men både eg og de har valt noko godt.

Øystein sa...

Takk for tilbakemelding.

Eg har faktisk til denne dag gått rundt og trudd at Gud har EIN plan for livet mitt som eg kan gå inn i eller ut av med kvart val eg gjer. Det er rart, alle tankar ein aldri har sett spørsmålsteikn ved, og berre slukt rått. Det er kanskje slike ting eg meiner når eg seier eg kjenner meg litt lurt.

Dette skal vera mitt ordtak for i dag:
"Gud har alltid ein Plan B, som ikkje nødvendigvis er dårlegare."