Tenkte på det i går at viss Jesus skulle ha fortalt likninga om dei 5 gode og dei 5 dårlige jomfruene idag, ville han ha snakka om å fylla olja på bilen, ikkje på lampane. Eg sa dette til Ingvild, og spurte i same slengen om ho trudde Jesus ville ha ått ein bil, viss han hadde levt i dag? Ingvild trudde han kanskje ville ått eit esel, men det hadde ikkje vore særleg praktisk. Det er vel ikkje ein gong lov å ri på hest eller esel viss ein skal inn i sentrum av byen, er det? Tenk at verdshistorias mest vanlege framkomstmiddel er forbode i dagens Norge? Eg har i alle fall aldri sett nokon ri på ein hest eller ein okse eller eit esel for å koma seg inn i Bergen. Så viss Jesus hadde litt praktisk sans ville han nok kjøpt seg bil. Trur eg las i Vårt Land at Jesus ville køyrt ein pickup. Men kanskje ein miljøvenleg bil?
måndag, november 27, 2006
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar