tysdag, februar 24, 2009

Politikk.

No hadde eg tenkt å skriva eit innlegg om kva eg står for politisk, eg skulle berre ein tur innom bloggen til Bjørn Olav Hansen fyrst. Men då eg såg den (så langt) 62 kommentarar lange remsa av usakleg, subjektiv dritt han har fått kasta etter seg på innlegget der han stiller seg bak PFU si avgjersle om Otto Jespersens monolog, tenkte eg: dette munnhoggeriet orkar eg ikkje, og held meiningane mine for meg sjølv.

Så eg kan godt forstå at kristne meiningar har forsvunne frå det offentlege. Eg kan gjerne diskutera med folk andlet til andlet, men eg held meg langt unna offentlege debattforum på internett. Særleg viss kvart argument vert skreve med caps lock og 3 utropsteikn.

2 kommentarer:

Frank sa...

Av en gjeng arbeidsledige 20-åringer som vet alt.

Hallvard sa...

Hehe, ja. Diverre. Kommentarrekkja eg snakkar om, endte på 94 comments og politianmelding.