søndag, februar 22, 2009

7 ting du ikkje visste om meg.

Eg har rett nok gjort noko liknande som dette ein gong før, på min førre blogg, Skriveblokk. Men det finst stadig ting som folk ikkje veit.

1. Eg har Meløy, ikkje heimkommunen min Ullensvang, som kommunen eg skattar til.

2. Som liten hadde eg stadig planar om å laga mitt eige leksikon. Det føregjekk ved at eg skreiv av Damms 31-binds leksikon som me hadde heime. Eg kom aldri lengre enn til A.

3. Eg har vore så langt nord som Tana.

4. På Framnes vgs gjekk eg ei stund under tilnamnet DJ Hallvis, fordi eg gjekk og drassa på Alf Magne sitt gamle stereoanlegg inn og ut av 3 norsktimar, til ei diktframføring til musikk som stadig vart utsett.

5. Eg lærte å spela poker på DTS.

6. Eg var så samvitsfull som liten at eg ein gong med tungt hjarte tilstod for mamma på sengekanten at eg hadde stole ei plomme frå eit plommetre.

7. Min kanskje verste UiO-historie: På teamtur i Tyskland hadde eg ansvaret for eit dokketeaterstykke som skulle framførast på tysk, under eit relativt stort, kristent barnemøte i Hamburg. Eg hadde skrive stykket på engelsk, og fått omsett ein liten del av det til tysk. Planen var å omsetja resten når me kom fram til møtestaden, for det skulle me ha tid til.

Me køyrte nokre rundar feil i Hamburg, før me endeleg kom fram. Då me endeleg fann staden, var det kanskje ein halvtime igjen til møtet skulle starta. Tyskarar er som kjent punktlege... Eg fekk sett meg ned i lag med ein tyskar eg hadde treft éin gong tidlegare for å febrilsk omsetja resten av stykket. Han skjøna ikkje heilt når det skulle framførast, men hjelpte til. Me vart ferdige berre sekund før me skulle i gang på scena, så han gjorde store augo då han såg at eg tok det ferdige stykket, gjekk rett opp på scena og framførte det i lag med ei anna jente frå teamet. Korleis kvaliteten vart på dokketeateret, veit eg riktignok ikkje...

Eg gidd ikkje å utfordra fleire, men eg ventar framleis på Monika sitt bidrag!

0 kommentarer: