fredag, februar 27, 2009

Den skandinaviske draumen.


Dette blogginnlegget kan sjåast på som byrjinga på ein ynskja diskusjon med min bror Øystein!

Me veit vel alle kva den amerikanske draumen gjekk ut på. "The pursuit of happiness", det å tena seg så mykje pengar som mogleg, å bli velståande og lukkeleg. Men kva er den skandinaviske draumen?

I kveld såg eg oppfylgjaren til filmen om tempelryttaren Arn. Utan å øydeleggja for dei som eventuelt vil sjå han i framtida, kan eg røpa at mannen vert lei av krig etter å ha vore tempelryttar, og reiser heim til Sverige, der han skaffar seg eit sjølvbygt nybrot midt inne i ein skog. Der skal freden herska, seier han. Huset er bygt i tre, kona er vakker og dei oppdreg ungane sine der, trygge. Då slo det meg: dette er den skandinaviske draumen!
Det er ein del av grunnen til at eg likar Ringenes Herre så godt. Når Bilbo, personifisert av Ian Holm seier "But where our hearts truly lie is in peace, quiet and good tilled earth... for all Hobbits share a love for things that grow", då gjev det atterklang i meg.

Maria Solheim syng på ein cd eg har: "I long to be with you every morning, building a home for your children and mine. Walking through deep, dark, wild forests together, with the Good Shepherd who's leading the way." Eg trur dei aller fleste nordmenn drøymer om noko slikt. Noko lite og søtt, som ein sjølv eig. Gjerne litt nostalgisk og gamaldags. Det er difor det høver så fint at kjernefamilien i filmen om Arn levde for rundt 700 år sidan.

Men ting tyder på at draumen ikkje er så romantisk lenger. Ei undersøkjing syner at ungane som veks opp på bygda, lettare vert overvektige enn dei som veks opp i byane. Det er ikkje slik at dei automatisk får trim berre dei går ut stovedøra lenger. Det er bygdene som har dei største avstandane, så det blir mest buss- og bilkøyring her. Dessutan, viss det er for langt å reisa til kameratane eller venninnene, er det enklast å berre slå seg ned framfor dataen eller TVen. I byane har ein derimot eit større aktivitetsnivå så det er lettare å halda seg i form på eitt eller anna vis.

Så kva vil eg med dette? Vel, eg vil utfordra den skandinaviske draumen. Til ein viss grad vil eg òg utfordra deg, Øystein, sidan me har diskutert konservatismen, og har ulike meiningar om viktigheita av han. Greitt nok at det gamle høyrest vakkert ut, men det er ikkje nødvendigvis betre enn det nye. Kanskje er det ikkje det einaste gode livet å finna på bygda lengre?
Er det i vårt samfunn på tide å tenkja nytt?

Dersom andre har innspel rundt dette spørsmålet av noko slag, er det berre å slengja seg på! Eg vil gjerne høyra kva folk har å seia.

0 kommentarer: