torsdag, februar 15, 2007

Ein klok blogg

Bjørn Olav Hansen er ein bra mann. Tidlegare baptistpastor og no jobbar han som (frilans) andeleg rettleiar og spaltist i Dagen, blant anna. Han har blant anna rettleidd meg. I dei seinare åra har han fått augo opp for kva skattar andre kristne trussamfunn sit på, som til dømes den russisk-ortodokse kyrkja. Me har lett for å plassera alle som har den minste befatning med ikonar eller helgenar i den båsen kristne som nett så vidt kjem inn i himmelen. Men etter å ha lese ein del av BOH sine tankar, trur eg dei er fullverdige kristne syskjen. Bjørn Olav har nyleg hatt hjartekirurgi og må halda seg i ro. Han skriv difor på bloggen sin omtrent kvar dag. Det er som ei utømmeleg kjelde til vidsom for meg. I dag skriv han om mentalt handikappa sin plass (eller manglande plass) i våre kyrkjelydar. Absolutt lesverdig.

0 kommentarer: