torsdag, september 28, 2006

For eller mot?

Eg lurar på om de er for eller mot nokre ting. I kommentarane dykkar skulle eg ynskja at de begynte svaret med punktvis kva de er for og kva de er imot. Etterpå kan de utdjupa svara, viss de ynskjer.

1: For eller imot praktiserande homofile kristne?
2: For eller imot gjengifte?
3: For eller imot kvinnelige prestar?
4: For eller imot at kvinner går til gudstenesta med utildekt hovud?

Og eitt oppfylgjar-spørsmålet viss de ikkje har svart imot på alle: Korleis grunngjev de at bibelen berre har autoritet i nokre av tilfella?

5 kommentarer:

Hallvard sa...

Dette luktar debatt, og eg er litt usikker på om eg vil slengja meg på toget. Slike ting kan ein diskutera til ein går i grav...

Anonym sa...

hehe, fair enough. Argumentet "kvifor henga seg opp i den eine prosenten av bibelvers som er vanskelege, når det herskar semje om dei 99 prosenta som er klåre", har sin verdi.

Øystein sa...

Men det vil eg sei, at ein må vera forskiktig med å dela inn NT i kva som gjeld for oss, og ikkje, slik bl.a. Åge Åleskjær gjer. (det var eg som var anonym, også)

Hallvard sa...

Det er eg einig i. Og argumentet mitt er nok det same som før: før ein tolkar eit avsnitt i Bibelen for bokstaveleg må ein sjå på kva slags samanheng vart skriven i, og kven han vart skriven til. Bibelen vart ikkje fyrst og fremst skriven til oss, men for oss.

Monika sa...

Nei veit du ka! eg har berre ein ting å sei i denna saken:

Pred 7:29
29 Se, dette er det eneste jeg har funnet ut: Gud skapte mennesket som det skulle være, men de har mange underlige ting for seg.