La meg fyrst seia at eg absolutt er villig til å høyra ut alle synspunkt på saka, før me eventuelt gjer noko. Noko drastisk, som Monika kallar det. Og diskusjon er som alltid meir enn velkome.
På det reint konkrete nivået fyrst: Ingen klandrar deg for ikkje å ha skrive innlegg den siste månaden, Monika. Men dette er eit vedvarande problem for bloggen vår, ikkje eit midlertidig. Viss ein blar litt bakover i arkivet, finn ein at heile april og mai ikkje såg eit einaste innlegg frå nokon av oss. Elles i året 2006 har innlegga stort sett kome frå Hallvard si hand. Dette er det no slutt på, i og med at han har starta sin eigen blogg. Noko eg stør han fullt ut i; å driva ein fellesblogg på eigahand er litt av ei oppgåve. Eg har skrive eitt og anna innlegg, mest av dårleg samvit, kan hende. Viss ein ser bort frå Olav H. Hauges gjesteopptreden på bloggen den 10. juni i år, ført i handa av Monika, har vår kjære syster berre skrive eitt einaste innlegg i år. Eitt. Den 5. januar, for å vera nøyaktig. SÅ lenge har du no ikkje vore utan internett.
Slik eg ser det, gjev dette oss to val. Anten kan me la Lufthus ligga her ute, som ein spøkelsesby der ein berre finn restar av gamle tankar og farne tider, til me ein dag innser at byen har råtna vekk. (kven veit f.eks. kva blogger.com gjer med ein blogg som ikkje har vore oppdatert på eitt år?) Eller me kan aktivt gå inn for å lagra han, bevara han, og ta han fram når me lurar på kva Carcasonne-konflikta gjekk ut på no att. Det fyrste valet gjer Lufthus til nok eit ufullført prosjekt, nok ein ting å ha dårleg samvit over, nok ein laus tråd i livet. Det andre gjer Lufthus til eit verdig minne over dei tilhøva som gjorde Lufthus nødvendig, og som gjorde Lufthus interessant.
På eit høgare plan er kjerna i denne konflikta slik: Eg (Hallvard får snakka for seg sjølv) er ein person som likar tydelege markeringar av ting. Klåre sluttar og klåre byrjingar. Eg likar å seia hadet, og ikkje reisa som ein tjuv i natta. Ikkje la ting gli ut i sanden. Ikkje så reint sjeldan tenkjer eg at eg saknar tydelige feiringar av dei kristne høgtidene. Eg vurderer faktisk å gå aktivt inn for å etablera eigne skikkar i høve til desse.
Du, Monika, i alle fall slik eg kjenner deg, likar å vera meir fleksibel. Ikkje noko gale i det, nødvendigvis, sjølv om eg ikkje heilt kan fri meg frå at det kan føra til ei form for ubesluttsomheit (avgjerdsløyse?). Du er ein person som likar å halda kontakten med eksar som det for lengst er over med, feks. Dette er vel reine kjensgjerningar. Eg prøver berre å sjå det større perspektivet, kva som gjer at me tenkjer som me gjer.
No kom eg på noko anna. Problemet med filosofi er når ein i kvart einskild tilfelle berre ser eit prinsipp for noko større. (ja, dette er jo eit eksempel på...) Då misser tenkinga si botn i røynda.
måndag, september 25, 2006
Eit mausoleum av gamle tankar
Lagt inn av
Øystein
kl.
02:16
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Hehe, morosam slutt!
Vel, nett dette med klåre byrjingar og sluttar er ikkje noko eg medvite går inn for å stå for. "Men eitt veit eg," for å ta ein Paulus: eg har ikkje noko som helst imot å leggja ned ein blogg som er meir symbolsk enn praktisk. Einig med Monika i at betre tider kan koma, men det kan koma travlare tider òg. Me står alle tre i ein ganske annan situasjon no enn då me starta opp Lidingsomnen i februar 05 - alle hadde litt meir fritid, litt mindre ansvar og litt oftare face-to-face-kontakt med kvarandre enn i dag.
Eg er open for å overbevisast om å behalda bloggen, men familieidyll ser eg ikkje på som ein gyldig grunn for å gje han kunstig andedrett.
alleine mot overmakta. sånn kan det gå. eg er faktisk ikkje eining med dykk. fordi: det er visse ting som ikkje passar til å skriva på nokon andre bloggar. og det er sånne syskenting. ting me har felles fordi me kjem frå same bakgrunn, same familie... sånne ting er lufthus skapt for! kanskje eg føler det sånn fordi eg ikkje heilt får til min eigen blogg. har nærast ingen lesarar, og klarer ikkje verta einig om meg sjølv kva for publikum eg vil nå. sikkert berre mamma og pappa som leser den likevel...
familiekompaniet har klart da! de har mange lesarar, interessante innlegg, og har funne eit konsept liksom...
men det er sikkert fordi eg er så familiekjær, og alltid vil at me skal vera i lag "adle sa", som hallvard pleie å mobba meg fø. men da må jo ve greit fø ingvild då, at me kan ha vår eigen plass å skriva alle familietingene på, så me sleppe å plaga ho med da---
OG sjøl om eg ikkje har kome på noko innlegg sjølv, bortsett frå dei to som du påpeike øystein, så betyr ikkje da at eg ikkje a aktiv på bloggen! hallo. eg skrive no kommentarar te tider då iallefall...
og da e no ikkje så stress å sjekka om ein blogg e oppdatert vel? da tar no berre eit sekund! og viss da står noko kjekt dar, så e da desto kjekkare!
men for all del...viss de syns heile greiene berre handlar om dårlig samvit og stress, så e da jo ikkje kjekt. ser berre ikkje sånn på da eg...
Det du skriv, Monika, om at lufthus er ein plass der ein kan skriva ting ein ikkje kan skriva andre stader, er eg einig i. Og det var derfor me starta bloggen. Men då må du i så fall skriva desse tinga som du ikkje kan skriva andre stader, då. Viss ikkje, er Lufthus som ei oppfinning som er utgått på dato. Feks. ein fakkel etter lyspæra sitt inntog, eller ein fjærpenn etter kulepennens inntog.
Men sidan det er 1/3dels usemje om bloggens nedlegging, har eg som administrator vedteke fylgjande kompromiss: Frå fyrste oktober til fyrste november vil bloggen vera stengt for innlegg. Den fyrste veka i november vil bloggen vera open. Viss det viser seg at nokon av medlemmene har sakna ein stad å skriva noko i perioden bloggen har vore stengt, vil det medføra bloggens forsatte eksistens. Viss ikkje, vil bloggen takast av lufta.
okei. men da e eg med på. fint kompromiss...
Ja, då forhastar me oss ikkje, i alle fall.
Legg inn en kommentar