Har fleire gonger i det siste vore inne på tanken om å legga ned heile Lufthus. Primus motor Hallvard brukar tida på sin eigen blogg, det same gjer eg, og Monika... vel, Monika finn knapt nok tid til å oppdatera sin eigen blogg. Eg kan faktisk ikkje hugse sist gong ho skreiv her på bloggen. På tide å innsjå at Lufthus har utspelt sin funksjon?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Du har utvilsamt eit poeng.
Ein blogg som ikkje vert oppdatert lenger, resulterer i mange internett-bomturar. Viss Monika òg gjev sitt samtykke, vil eg vera med på tanken om å leggja ned bloggen, men sjølvsagt ta vare på innhaldet.
Moglegvis kan me jo ta han opp att ved eit seinare høve, men det er eit stykke fram i tid.
Forøvrig, takk for merksemda!
Er einig i at det kan vera mogeleg å starta 3-mannsbloggen på nytt viss me skulle finna behov for det.
Elles tenkte eg at ein passande måte å testa denne bloggens nytteverdi, var kor lang tid det tok før medlemmene oppdaga innlegget "Face it". Det tok cirka 2 døger for Hallvard, og Monika får me sjå med. Det understreker vel berre at bloggen har misst si interesse.
Vidare er det vel slik at me ikkje har andre lesarar enn oss sjølve, og knapt nok det, det er vel ein del av årsaken til Lufthusets synkande popularitet.
jamenn eg har jo ikkje hatt internett på over ein månad!! jobben har vore superkaotisk og alt har vore veldig travelt. eg syns ikkje me trng å vera så drastiske å legga ned sido. kan jo koma betre tider vel?
Legg inn en kommentar