søndag, mars 05, 2006

Så lenge eg lever, lever Lufthus!

Eller: Nok eit lite sakleg innlegg frå yngstebroren i aust.
Klumpen i familien fyller altså året komande laurdag, og det undrar meg korleis ein eittåring har makt til å samla nesten all familie frå begge sider.
Det er nemleg tvilsamt at eg kan ta turen. Ingvild foreslo eg kunne ta eit billeg tog, men skal ein få eitt til 199, må ein vera tidlegare ute. Stadig kan ein få dei til 299, men då kan eg like gjerne ta buss med ungdomskort i Hordaland.

Men ikkje fortvil. Onkel kjem igjen. Og igjen og igjen. Og kanskje dukkar det opp ei helsing i posten?

0 kommentarer: