Kanskje de undrar dykk over kvifor det dukkar opp små ä-ar og ö-ar i innlegga mine når eg befinn meg i Noreg. Det mysteriet har eg ikkje tenkt å oppklara. =p
Det er ein rimeleg typisk fredags kveld i Skien. Eg lyttar fascinert til to jammande gitaristar, eit gapskrattande bord og ei lågt brummande varmevifte medan eg sit og tastar i kjellaren av bygget. RO får ein ikkje alltid så mykje av i denne bygningen. Noja. Guds fred får duga. =p
Denne veka hadde me amerikanaren Ken Helser som lärar. Fyren er GAL for Gud! Han lovsyng når han kjenner for det i timane, stoppar opp midt i songen, ler av Guds godleik, utbryt "Yay, God.." og held fram med undervisninga. Sistnnemnte er og meir eller mindre leia av Den Heilage Ande, og eg fekk enorm respekt for mannen. Denne var nok av dei tre beste teorivekene me har hatt her.
Men kor lenge var Adam i paradis? Eller, sagt på ein annan måte, kor lenge kvilte Paulus mellom fyrste og andre misjonsreise? Ikkje negativt meint, altså. Den neste teamveka har eg gleda meg til i heile DTS-året. Me tek turen til Framnes!
Rollane er på ein måte bytte i forhold til situasjonen min i fjor. Den gongen var eg ein svolten skulekristen som prövde å oppnå eit större engasjement for Jesus. Uio-teama frå Skien var eit högdepunkt kvart år.
No er det eg sjölv som er högdepunktet for einkvan..
Ikkje eit einaste team-medlem var med til Tyskland, så eg skal ikkje ramsa dei opp ein gong. Men eg har tru på det! Solide studentar med tru på at noko skal henda, og to grunnfesta stab. Me reiser til Framnes med forventningar på tysdag!
fredag, februar 10, 2006
Slag i slag.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
23:40
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Høgdepunktet Hallvard herjar Hardanger med Herrens hastverk.stopp meg, einkvan. Kunne ikkje dy meg. Lykke til! Pussig, eg snakka med 3 eksilframnesingar i dag.
Det har ein tendens til å dukka opp eksilframnesingar i Bergen, har eg inntrykk av.
Viss eg held fram i UiO til hausten, (som det for tida er store sjansar for,) må eg kanskje starta min eigen støtte-blogg, med innlegg av dette slaget.
Legg inn en kommentar