Det er godt å vera attende! Blodet strøymer i årene, ljoset glimtar i augo. Dette er litt av ein plass, og eg kjenner meg heime her. Særleg når eg faktisk har ein plass å bu og slepp å betala for opphaldet. Og enno kjenner eg folk.
Så dette innlegget er vel eigentleg berre meint som ein ode til min gamle, trufaste skule. Hugs meg, Framnes, og eg skal hugsa på deg når eg tek turen ut i den store, vide verda.
P.S. Eg såg i "Den store Lyrikkboken" her om dagen, og bladde ikkje lenge før eg fann eit dikt som heitte "Ode til Søvnen!" Hehe.
fredag, februar 17, 2006
Framnes, Framnes.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
23:40
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar