onsdag, november 30, 2005

Eg lever.

Sidan eg har møtt spørsmål om kor travel eg eigentleg er, får eg vel oppdatera meg om min noverande livssituasjon, utan å bruka uttrykket "eg har det berre bra". Sjølv om eg i grunnen har det rimeleg bra. Betre enn eg ville hatt det på Framnes på dette tidspunktet, vil eg tru.

Grunnen til at eg har vore så lite omgjengeleg den siste veka, er at eg var på team i Seljord (også kalla Gokk.) Nokon av dykk som har vore der før? Mi tidlegare erfaring med Seljord før denne veka var at eg køyrte gjennom bygda i ruta Skien - heim. Difor hadde eg altså køyrt gjennom tre gonger til no.

Men neste gong eg skal heim, kjem eg til å leggja merke til ei blå lita stove på venstre sida av vegen: Jesushuset! Her har eg butt ei veke. Det er eit koseleg hus, eigd av... nokre kristne. Eg fekk aldri heilt med meg kven. Men folk pleidde visst å leiga det og bu der i visse tidsperiodar. Elles var huset fullt av kristne effektar, eit piano og ein brødristar.

Den einaste som budde der nett no var Karen Sofie Foss, ein tøffing av ein trøndar som eigentleg ikkje er utsend av nokon. Ho hadde teke ein DTS, men det ho gjorde der, var ganske enkelt å jobba på Shell, be for folk som kom inn der, spela lovsongsmusikk på nattskift, bli betre kjent med andre kristne i bygda og leva for Gud! Sjølv om ho hadde ein rimeleg annleis personlegdom enn min, imponerte livet hennar meg.

Det er mykje eg vil seia, men det er litt kjipt med lange blogginnlegg. Les 2.joh. 3,13, så skjønar de kva eg meiner.
No er eg derimot ikkje fullt så travel, og har tid til ein Petra-konsert eller to... Schlitt og Hartman rocka huset i Tønsberg! Klasse.

3 kommentarer:

Hallvard sa...

Sorry! 3. joh. skulle det vera.

Øystein sa...

Snedig måte å snika inn eit bibelvers, tenkte eg i mitt einfald. Men både andre og tredje brevet åt Johannes inneheld berre eit einaste kapittel. Så eg skjønte lika lite som før.

Men 3. joh, kapittel 1, vers 13! blei eg klokare av.

Hallvard sa...

Ja! Det er broren sin. Eg har meir å seia dykk, men vil ikkje gjera det i brev, skulle det vera.