Herved, natt til 26. februar, erklærer me bloggen Lidingsomnen fødd. Dei skapande sinna bak påfunnet var dei tre syskena Monika, Øystein og Hallvard Lid, som ilag med eldstebroren, Alf Magne, ville ha sitt eige forum å ytra sine meiningar i, i den store, vide verda.
Kanskje tykkjer du namnet er litt underleg. Du har rett. Det ER det. Ordet lidingsomnen er henta frå Jesaja 48, 10, som her vert gjengjeve i sin fulle samanheng:
"Eg reinsar deg, men ikkje som sylv. Eg prøver deg i lidingsomnen."
Som du kanskje óg har gjetta, har dette noko med vårt felles etternamn å gjera.
Kva er så målet med denne sida? Tja, eigentleg ikkje så mykje, men då me la hovuda våre i bløyt og tenkte så det både knaka og spraka, kom me fram til fylgjande:
Lidingsomnen står for prosessen som skjer med ein når ein vert kjend med familien vår. Dersom du spør Ingvild, kona til Øystein, kan ho fortelja deg at ho har vorte meir eller mindre hjernevaska dei åra ho har vore blant oss.
[redaksjonell merknad: Ein viktig ting som kanskje bør nemnast her er, i ljos av det ovanfornemnte, litt av poenget med sida er at dei som les ho kan verta kjende med denne greina av Lid-klanen.]
Er så Lidingsomnen å tilrå? Kanskje ikkje, men ONCE YOU'RE IN, YOU CAN'T GET OUT...
laurdag, februar 26, 2005
Innleiande mjeff.
Lagt inn av
Anonym
kl.
01:45
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar