søndag, februar 27, 2005

Attende på halvøya.

I botn og grunn (eigentleg eit uttrykk som ikkje gjer seg særleg godt på nynorsk) blir denne bloggen berre skriven for å få rommet mitt varmt når eg går opp att. Det same gjentek seg etter kvar bidige ferie: Iskaldt rom, omnen på fullt, pakka ferdig, stikka VEKK. Ein god kopp kaffi til litt jazz hadde gjort seg, men coffeematen er oppbrukt. Planen er å gje kaffifløyte ein sjanse no, neste gong eg tek turen til Norheimsund...

No ha eg nett skrive ein mail til Tyskland. Eg mistenkjer at eg har gløymt to ting der nede: smykket mitt, og kameraleidninga. Det var denne leidninga som gjorde at heile flyttesjauen til Monika i helga ikkje vart dokumentert, og for øyeblikket ligg kameraet mitt på pulten, fullt av minnerike Tysklandsbilete som ikkje kjem ut.
Det må vera frustrerande å vera eit slikt kamera. Ein ligg der og vonar med heile seg at "IDAG skal erfaringane mine visast til verda! IDAG skal eg visa kva eg kan!" Også har ein ikkje det som skal til for å koma inn inngangsporten.

Slik er livet.
Forøvrig har eg nok òg gløymt eit par solbriller i forden, som fram til sommaren tilhøyrer Monikjo. Men etter eit par timars dill på datarommet er nok rommet no moge for å motta besøk att.
Hallvard.

0 kommentarer: