Sjå på dette biletet. Er det ikkje mange kjende slektstrekk ein finn i denne figuren? Augnebryna, nasen, rynkene, smilet... Det er svært mykje som minner meg om pappa si side av slekta. Eg synst skjegget er nesten prikk likt Onkel Narve sitt, og trudde ein augneblink det var han! Men dette er i røynda Narve sitt syskenbarn, son av Håken og Gunnhild: Narve Lid, grunneigar i Rollag.
Då eg tilfeldigvis søkte på ordet Fjøslien på internett, snubla eg over internettsida Trillemarka Rollagsfjell. Grunneigarane i området som er berørt av eit framlegg om å gjera fjellområdet til eit verneområde, har her organisert seg og skriv det dei meiner om framlegget og korleis regjeringa går fram.
I det høvet har Narve Lid skrive den litt naturromantiske artikkelen "Eit eventyr går mot slutten?" som stod på trykk i Aftenposten for litt over eit år sidan.
Den kan du lesa her. Absolutt verdt ein kikk!
torsdag, mars 06, 2008
Kampsaka til pappas fetter.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
00:14
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Dette var artig å lesa! Har høyrt littegranne om den trillemarksaka, men visste ikkje at det handla om slektningane våre, og Fjøslien-området. Me må reisa dit på "visning" ein gong! Nokon som veit korleis det gjekk med den trillemarksaka?
Ja, dessverre har Stortinget vedtatt å gå inn for verning av det største alternativet, altså det som grunneierne fryktet mest.
Jeg kan gjerne være med dere på en tur dit en gang. Men det hadde jo vært veldig kjekt om vi hadde kunne hatt med oss en lokalkjent mann, f.eks. onkel Hallvard. Sjøl har jeg bare vært i Fjøslien en gang, da var onkel Sigurd guide.
ja, det hadde vore kjekt pappa! kanskje me kan ta ein tur dit i sommar?
einaste e at eg veit ikkje enno når eg får ferie. men eg veit at det ikkje blir før juli iallefall.
Legg inn en kommentar