søndag, mars 02, 2008

Hallvard Opedal Lid.

Eg har seriøse planar om å endra namnet mitt til Hallvard Opedal Lid. Det er fleire grunnar til det:

1. Sjølv om det berre er etterkomarane av Håken og Gunnhild Fjøslien (meiner eg?) som me kan seia ber same slektsnamn som oss, er Lid eit særs vanleg namn i Noreg.
Og til og med i verda finn ein den same namneuttalen; eg meiner, det må då vera ein million kinesarar som skriv seg for Li. Eller tenk på alle amerikanarane som heiter Lee!

2. Som Øystein og Ingvild var inne på før Victoria vart fødd, er Lid eit vanskeleg namn å finna førenamn til. Det er ikkje alt som passar like godt.

3. Lid-gardane i Numedal er ein stad eg ikkje har noko forhold til enno. Eg har god lyst til å reisa dit ein gong, det er jo der røtene mine ligg, som det så fint heiter. Eg vil jo ikkje kvitta meg med namnet Lid. Men eg har eit sterkare forhold til Opedal. Praktisk tala er jo tomta vår ein del av den opphavlege Opedal-garden, vil eg tru.

4. Eg kjenner litt identitet i namnet Opedal. Dialekten min er frå Opedal, mykje av slekta mi kjem frå Opedal og Opedal er staden eg er fødd og oppvaksen. Opedal Lid kjennest berre litt stautare.

Men eg tenkte eg ville drøfta det her på Lufthus før eg tek steget og sender inn søknad. Kommentarar eller spørsmål?

7 kommentarer:

Anonym sa...

Eg skriv under anonym,men du skjønar no at det er Opedalsopphavet!

Detta likte eg veldig godt.Eg har faktisk bejynt å bruka Opedal Lid oftare enn før.
Da e noko med røtene...

Monika sa...

Interessant. Har faktisk vore inne på tanken sjølv....å hatt Opedal som mellomnavn altså. Men eg trur ikkje eg kjem til å gjera noko med det. Men det er fordi eg syns da e litt voldsomt å eventuelt ha 3 etternavn.

Men eg vil ikkje sei at Opedal e viktigare enn Lid å ta vare på. Fø Lid-navnet frå Rollag e vel ikkje så utbreitt. Og da e rett så da e at folk spør meg kor Lid-navnet kjem frå, og eg kan fortelja om Rollagsrøtene.

Hallvard sa...

Da e definitivt noko med røtene!

Jau. Eg ser poenget ditt, Monika. Det ligg identitet i Lid-namnet òg, og nett difor vil eg ikkje kvitta meg med det. Eg har nok ikkje like ofte ført samtalar om etternamnet mitt, og slik kome i prat med folk. Likevel er eg då ein gong halvt austlending.

Men er det eit mål i seg sjølv å ta vare på eit så vanleg namn som Lid, berre fordi me har ein sjeldan variant av det? Gulesider.no finn 969 funn av menneske i Noreg med etternamn Lid. 368 funn av Opedal. Eg meiner, hadde me då framleis heitt Fjøslien, kunne eg ha vore med på tanken.

Monika sa...

Eg syns absolutt det e viktig å ta vare på Lid-navnet, sjølv om me ikkje heiter Fjøslien lenger.

Når eg seier Lid, så veit eg jo kva det står for, sjølv om andre kan koma i skade for å tru at eg har eit masseprodusert etternavn som Lee eller Lied.

Hallvard sa...

Ein får stadig spørsmål om ein kjem frå Voss, når ein heiter Lid, har du lagt merke til det? =)

Vel, eg står no på mitt. Det er klårt at Lid-namnet vårt har røter. Men eg tenkjer aldri over dei når eg seier namnet mitt. Eg har aldri vore på Lid i Rollag, berre køyrt forbi. Eg assosierer namnet meir med namneregler. Eller den engelske versjonen: lokk. (= lid.)

Det finst mange lier her i landet. Så der er me nok ueinige!
Men du kjem altså til å behalda Lid-namnet som mellomnamn når du giftar deg, då?

Hallvard sa...

Men no ser eg at eg argumenterer for feil ting. Det kjem vel an på korleis ein ser det. Lid-namnet har statistisk fleire tilhengjarar i Noreg, medan Opedal-namnet ikkje har fullt så mange. Rollagsversjonen av Lid har kanskje under 50 tilhengjarar. Så vil ein ta vare på det gamle gardsnamnet frå Rollag, er det klårt like viktig, om ikkje viktigare å ta vare på Lid-namnet.

Men det synest altså ikkje eg, då.

Monika sa...

Lid funke fint som mellomnavn viss det blir aktuelt.

Poenget ditt Hallvard, e vel at du har lyst å byrja å bruka eit mellomnavn, ikkje å skifta etternavn, så då e vel igrunnen ikkje diskusjonen så stor lenger.

Viss det hadde vore det siste du hadde argumentert for, hadde eg vore ueinig.