"Han Svein og han Hallvard var på kyrkjeveg. So sveiv rallet inn på murane ikring Jeriko. "Da mao ha vò laokje (dårlige) murar so ikkje tolde at folk gjekk rundt dai," sa han Hallvard. "Skjynar du ikkje at Guds fing va mæ i spel'e" sa han Svein."
Då eg fylte 23 år fekk eg 23 kasserte bøker frå svigerfar min, som er bibliotekssjef. Kasserte tyder ikkje at dei var i dårleg stand, snarare tvert i mot, sidan dei bøkene som vart kasserte var bøker som ikkje vart utlånt noko særleg. Blant desse 23 bøkene var band 10 i Halldor O. Opedals serie "Makter og menneske" (utgitt i 1962). Bøkene hans er ikkje lette å få tak i. På antikvariata går bøkene for opp til 500 kroner per bok. For folkeminnebøker er det ganske mykje.
Då eg gjekk på ungdomsskulen las eg heile den bokserien makter og menneske. 26 bøker tjukke bøker av Halldor O. Opedal las eg om folkeminne frå Hardanger. Kvifor? Det hadde nok mykje med identitet å gjera. Eg ville vita korleis kulturen eg sjølv levde i hadde vore før, for slik å vita noko om mine eigne røter.
No når eg les i det eine bandet eg eig er det som slår meg kor mykje som er vanskeleg å forstå, eller heilt framand. Det fyrstnevnte har mykje med å gjera at hardingane nytta ei røys med ord som ikkje lenger finst. Bak i boka er det ei ordliste som tel 30 ord. Lite hjelp i, med andre ord. Men no fekk eg i fjor den 250-sider lange ordboka Hardingmålet, samla i saman av samme Halldor. Så no er det råd å skjøna litt meir. Ein viktigare grunn til at innhaldet virkar framand er nok dei store kulturelle skilnadane som er mellom no og då.
I nokre innlegg framover kjem eg til å skriva litt frå Maktar og menneske, bind 10. Bøkene er fulle av gamle historiar, fortalt stundom gjennom fleire generasjonar. Slik at Namnelista bakerst i boka har fødselsdatoar så langt tilbake som til midten på 1600-talet. Dei yngste som er nemnt i namneregisteret er født på slutten av 1800-talet, (den seinaste født 1872), slik at nokre historiar er frå tidleg 1900-tal. Nokre av historiane er meint å skulla vera morosame, men er det berre i sjeldne tilfelle i dag, for meg i alle fall. Andre ting som vert fortalt er tabubelagt i dag. Me får sjå kva som dukkar opp her etterkvart.
Turistar.
"Det var ikkje alle bygdafolk som åtte like stor sans for naturi. Ei engelsk dame gjekk og skoda seg ikring på Seljestad. Ho var reint hugteki tå fjell og fonn og li og lende. Han Tormod stod og skoda på dette. "Eg vait ka ho ser ette," sa han. So gjekk han bort og tok henne i armen: "Dar æ hus'e," sa han. (frå Odda).
(Det kan vera litt interessant å merka seg at det nasjonalromantiske synet på naturen i hardanger kom utanfrå. Bygdefolk syntes ikkje nødvendigvis at det var noko spesielt vakkert der dei budde.)
Me sluttar som me begynte med ei forteljing frå Lofthus:
"Ein gut hadde gjort ei gjente um hender (med barn). Ein kveld kom han med eit papir, og fekk henne til å skriva under på at han ikkje var barnafar. Og der stod gjenta. Eit bel etter råka han Haoko denne guten. "Me æ ikkje vane mæ da her, at me krev'e kvitteringar fy varer me ikkje ha levert," sa han.
tysdag, februar 05, 2008
Forteljingar frå gamalt
Lagt inn av
Øystein
kl.
03:31
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
artig artig! ser fram til nye soger! litt røter e ikkje å forakta :)
Detta va trivle lesna.Kom gjedna me meir tao same sorten.
mammo
Legg inn en kommentar