Sidan me er seriestartmodus, vil eg òg starta ein føljetong. Han er antakeleg ein god del meir obskur enn den førre. Så før eg går vidare, vil eg forklara omgrepet punchline i hip-hopmusikk.
Ein punchline er linja i rappen som det er mest kraft i. Ho kan gjerne avslutta eit vers eller eit refreng, men det viktigaste er at ho må rima (sjølvsagt) og få ting sagt på ein kort og konsis måte.
Her er eit døme på ein god punchline:
"Snakker fornuft, sjekk ut som en turistbuss,
Jeg har punchlines som kan slå hele ditt gebiss ut!"
Evig Poesi - Fornuft.
...men, så har det då kome ein heil del midt på treet-punchlines oppigjennom. Det er dei eg har tenkt å kikka litt nærare på. =)
Me startar reisa vår i Bergen der me finn gruppa Spetakkel, som hadde ein liten hit med songen "Kem rockar?" for nokre år sidan. Dei presterer denne linja i det fyrste verset, som eg meiner manglar ein del på å treffa målet:
"Må'kje skrike like høyt som Cecilie Leganger snakkar,
Gidder'kje høre på deg likevel, din lille RAKKAR!"
Eg trur ikkje eg kan hugsa sist eg kalla nokon for ein rakkar, og meinte det. For meg er det litt på linje med det store skjellsordet frå barnehagen: *dumming!*
hehe.
laurdag, februar 16, 2008
Dårlege punchlines i norsk raps historie!
Lagt inn av
Hallvard
kl.
01:52
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
hehe. veldig morsomt forresten hallvard. eg glømte å kommentera på detta innlegget ditt. eg berre tenkte tanken...
og sjå! eg ha fått bilde!
da e forøvrig britt merete som ska ha æren fø detta, og ikkje ein viss bror, te ei forandring.
Legg inn en kommentar