fredag, november 30, 2007

Ad fontes!

Alle dei ulike namneforslaga har no ført oss (eller i alle høve to/tredjedelar av oss) til ein eller annan form for kaffiblogg. Sjølv om det var eg som fyrst føreslo dette, vert eg mindre og mindre lysten på å kalla han noko som er bloggen heilt uvedkommande.

Når eg nevnte problemet for Ingvild, kom ho med kommentaren: men lufthus var jo så bra navn! Og det fekk meg til å tenkja litt i dei banar att. I ljos av dei store problema med å finna eit felles namn for den nye bloggen, verkar det langt meir lystbetont å berre gjera gode gamle lufthus offentleg att. Då gjer me eventuelt berre som Hallvard foreslo, lagrar bloggen på fleire ulike medium (og epost-kontoar) og startar med nye ark.