søndag, oktober 28, 2007

Rudi Myntevik - Hvem har du alltid vært

Rudi Myntevik er ein banebrytande artist, og musikken hans har hatt stor tyding for meg. Det var den andre cden hans, Sentrum, eg kjøpte fyrst. Det var etter å ha sett han live i eit kyrkjelokale i Skien. Dette var forøvrig medan eg tok DTS-en til Ungdom i Oppdrag, der me ofte song songane hans under lovsongen før undervisninga.

For slik har musikken hans nemleg vore. Folk har lytta til songane, kopiert av teksten, øvd inn akkordane og spelt dei sjølve på kristne møte. Grunnen til at han har vorte så populær er nok fordi det er få før han som har laga kvalitetsmusikk som er laga med Gud som objekt. Jan Honningdal, Bjørn Aslaksen og Stephan Christiansen er namn eg kjem på for å prova det motsette av argumentet mitt her, men ingen av dei har slått igjennom på same måte som Myntevik, trur eg.

Eg må òg nemna at "Sentrum" gav meirsmak, og etter å ha sett han live endå ein gong på Skjærgårds M&M på Risøya sommaren 2006, kjøpte eg debutcden Gud, din skjønnhet.
Dette er ein cd eg kan tilrå viss du likar både tekstane og musikken til Myntevik. Men Gud, din skjønnhet er ei mykje meir personleg plate som fokuserer meir på bodskap enn musikalsk kvalitet. På Sentrum er det meir gitarrock enn fyrsteplata, men songtekstane her har vorte like mykje brukte på kristne møte som debut-cden.

Hvem har du alltid vært tek til og sluttar i same stilen som den forrige cden gjennomførte, altså fengande, syngbar lovsong. Men når eg høyrer på plata, får eg inntrykk av at det Myntevik eigentleg helst vil formidla med denne, er ein annan type, meir poetiske songar til Gud.

Han uttrykkjer mykje meir med musikk og tonar enn med ord. Ein song, "Er," er heilt instrumental, berre med Myntevik nynnande i bakgrunnen og ei dame som syng ordet washing. Meiner eg det er.
Nydelege cello-soloar, vakre pausar og mykje betre stemmekontroll... slikt berre appellerer til meg. Og tekstane er like ærlege, om så mindre radikale.

Myntevik seier han skal slutta å laga lovsongs-cdar, og syngja på engelsk. Eg veit ikkje heilt kva eg synst om det; eg kjem nok ikkje til å døma over det før eg høyrer han, tenkjer eg. Men denne plata er eit verdig punktum til lovsongskarrieren hans, særleg med siste songen, der refrenget går slik:

Igjen og igjen og igjen og igjen
kan jeg synge:
Du er trofast,
du er god.
For igjen og igjen og igjen og igjen
viser du at;
du er trofast
du er god.

0 kommentarer: