laurdag, oktober 14, 2006

A series of unfortunate events.

Eg slengjer meg på bylgja av "grunne" innlegg...
Eg har nemleg fått tilbake min bærbare PC Paulus!

Det er heilt utruleg. Denne maskina har no sett delar av verda som eg ikkje har sett.
Eg kjøpte henne altså i sommar, og ho kom til Lofthus via Bergen. Men ho var defekt, så eg sendte henne til reparasjon rundt den 10. august.
Ho kom fyrst til Komplett sitt kontor i Sandefjord. Derifrå sendte dei henne vidare til Asus sin dataverkstad i Nederland. Dei såg på maskina både lenge og vel, før dei etter ein drøy månad slutta å senda henne tilbake til gamlelandet. Dette fekk eg mail om, og byrja å håpa at "no kjem nok maskina snart!"

Sjølv om eg omhyggjeleg hadde skrive ein fin lapp om å IKKJE senda maskina til Lofthus, men til det som no er leveringsadressa mi på Komplett-kontoen, Engavågen, hamna maskina på Handelslaget den 29. september. Det fekk korkje eg eller mamma og pappa nokon lapp om, så eg fann det fyrst ut ved å ryngja til Komplett ein av dei fyrste dagane i oktober. Då byrja endeleg ein prosess med å få henne opp hit. Via Melsomvik, eit lengre opphald i Oslo og Fauske, kom maskina altså fram torsdag den 10. oktober, etter at eg hadde håpa MANGE gonger sidan midt i september ein gong på at ho ville koma.
Rimeleg nøyaktig 2 månader utan datamaskin, altså! Og eg tør påstå at under ein tidel av denne tida er faktisk arbeid med saka.

Komplett er eit fint selskap, det, men som fleire andre selskap er dei ikkje fullt så hyggjelege litt under huda.

6 kommentarer:

Monika sa...

takk for eit fantastisk fint og grunt innlegg hallvard! akkurat det eg trengde. var litt missmodig i kveld, og heldt på å drukna i tunge, djupe litt for store og innvikla tankar...dette var nett det eg trengde!

Hallvard sa...

Berre hyggjeleg.

Øystein sa...

Det eg lurar på, om som eg syns innlegget ditt kunne ha svart på, sjølv kor grunt det var, er om dei fann ut kva som var gale med maskina, og om dei greidde å fiksa det?

Hallvard sa...

Hehe, det gjorde dei forsåvidt. Paulus verkar som ein draum så langt. Det einaste litt rare, er at då eg gjekk gjennom ein kontroll av filsystemet på stasjon C den dagen maskina kom, traff han på ein "uoverkommeleg feil." Heldigvis har eg ikkje merka noko vidare til denne uoverkommelege feilen i ettertid.

Hallvard sa...

Altså, eg veit ikkje nett KVA som var gale, men dei greidde å fiksa det.

Olav Andreas sa...

Tippe dei reiv ut den gamle harddisken. Hoppa masse på den og sette inn ein ny. Eller hadde du filer på han som du faktisk fekk att? Isåfall gjorde dei nok noko lurt, noko, som sikkert ikkje var halvparten så morosamt.