måndag, september 10, 2007

The Lionheart Brothers - Dizzy Kiss

Gruppepress. Det er faktisk det som har gjort at eg kjøpte denne.
Då eg tok DTS i Skien, var det ganske kult å gå med Converse-sko, høyra på Serena Maneesh eller annan psykedelisk, rost-opp-i-skyene indierock inspirert av familien Nikolaisen frå Moi på ein eller annan måte. Til ein viss grad lot eg meg riva med. Den dag i dag har eg faktisk gått til innkjøp av Converse, og eg høyrer på ein slags indierock, ved namn The Lionheart Brothers.

Så ja, eg har forsøkt meg på indierock, men fortsatt finn eg ikkje det vakre i gitarstøy, og måtte leggja frå meg Serena Manneesh. Men songane til The Lionheart Brothers er rimeleg snille. Det minner litt om 60-talsgladrock, men blandar inn både piano, bass, orgel og fleire gitarar. Eg klarar i grunnen ikkje skildra denne cden her så godt, men eg likar han så langt.

The Lionheart Brothers er frå Trondheim og går for å vera eit kristent band, om ikkje så veldig profilerte. Men det treng kanskje ikkje alle kristne band å vera, heller. Den musikalske kvaliteten er svært god, og to av songane på denne cden har eg høyrt på Petre i sommar.
Og då gjer det meg ikkje så mykje at tekstane ikkje går djupare enn kjærleik, dans og sakn. Det er bra at kristne band faktisk blir høyrt på av eit allment publikum.

0 kommentarer: