søndag, mai 13, 2007

I desse eksamenstider...

...får eg vel ta hovudvekta av Lufthus på mine eigne akslar. Og det har eg forsåvidt ikkje noko i mot.

Eg undrast på å kanskje laga min eigen musikk-blogg? Det slår meg iallfall at det stadig vekk er eitt eller anna pjatt eg har å skriva om musikk frå min eigen lyd-observante hjerne. T.d. om jazzen på Urørt, det elendige musikkutvalet dei har på Petre, gamle opptak frå Woodstock, amerikanarars forhold til legendariske kristne band som Petra og dc Talk, framstormande artistar eg har lese om i Sorthvit eller relevansen av Melodi Grand Prix no til dags.

Slikt nytt interesserer iallfall meg, og når eg har engasjement for det sjølv, ser eg ingen grunn til ikkje å få det publisert=)

I dag er det sundag, og ein usedvanleg fin ein. Eg er oppe tidleg. Då eg gjekk frå bustaden til basen i dag tidleg, tenkte eg at eg jammen har teke til å lika intellektuelle, gjerne litt sære bloggar som ikkje bryr seg om nokon les dei eller ikkje, nettopp fordi personen som skriv har nok engasjement til å halda koken uavhengig av eit publikum. Hovudsaker og Bibliotekreisa er glimrande døme på dette, og ligg på mi GoogleReader-liste. Og det tek meg til det eg tenkte å skriva om her i dag: torevaag.blogspot.com.

For no har nemleg min gamle norsklærar og fått seg blogg! Og JA, dette var fyren som sa at Ivar Aasen nok ikkje hadde sagt "no gjeng det lukt til helvete med alt saman," hadde han stukke nasen innom klasserommet vårt i tredje klasse på Framnes. I sin avskjedstale i skuleårboka vår. Midt i kyrkjetida.=p

Nett no er det litt stille på bloggen, truleg skulda seine nattetimar og eksamensretting, så eg kan ikkje nett oppdatera dykk på det mest rykande ferske innlegget. Men mannen er svæææært god på ironi. Han skriv elles mykje om kor sær han sjølv eigentleg er, postmodernisme, tomheita som alle menneske kjenner på, austleg religion, dagens kristendom og skulepolitikk.
Absolutt verdt ein tur innom, om ikkje anna, så for å smila litt undrande før de går vidare til neste post på programmet for dagen!

2 kommentarer:

Øystein sa...

Eg har funne ein sjelefrende

Hallvard sa...

Tore Vaag? Kven skulle trudd! =)